Frustrasjonar, Livet
Comments 14

Orden i kaoset?


Korleis har du det heime? Har du det «på stell»? Har du eit gjennomtenkt og oversiktleg interiør, eller er det kaos i krokane?

Ja, eg veit det, det er eit veldig personleg spørsmål. Nokre eg kjenner har aldri besøk, dei skjems over rotet dei lever i. Andre, som ikkje har det noko ryddigare enn dei som skjems, tek imot framande og kjende med opne armar. Og så har du alle dei som har det «strøkent», og som alle andre samanliknar seg med, og er ørlite misunnelege på. Det skal ikkje vere enkelt, dette livet.

Du har sånn orden i tinga dine, sa han eg har blitt så glad i. Det er smigrande, men eg føler det ikkje alltid slik sjølv. Det er mykje skam og skuldkjensle knytt til det å ha det ryddig og ordentleg i heimen sin. Eg vaks opp i eit hus som bar preg av å vere bebudd av næringsdrivande med kasteangst. Alt kan kome til nytte.

For ikkje å snakke om det som har nostalgisk verdi. Far min kan ikkje rydde i ei skuff, då fell han i stavar over noko han finn, og vert sitande og akke og oje seg over kva dieselen kosta per liter i 1963, eller korleis det eigentleg gjekk til når han selde chevroleten seint på sekstitalet. Då vert det tendensar til homlebol, sjølv om enkelte i huset har eit sterkt overordna mål om at det skal vere ryddig.

Skuld og skam, ja. Eg har enno ikkje tilgjeve han som sa til ein annan som kjende meg: Alt godt, ja det er heime med henne dei har det så rotete. Det sit i meg, at det å ha det rotete er noko av det verste i ei trongsynt bygd. Det rare er at eg var hos venninner som hadde det meir rotete enn oss, og eg tenkte ikkje på det som skamfullt. Det var vårt eige rot som eg skjemdest over.

No administrerer eg min eigen heim, og prøver å motivere dei eg har rundt meg til å samarbeide om å halde nokolunde orden. Det er ei tung misjonsmark. Dei yngre blir med vekslande hell oppmoda om å ta sitt eige rot. Vi vaksne har ein avtale om å ta ein rydderunde før leggetid. Den er det som bergar oss. Det er deilig å stå opp til nokolunde ryddig stove og kjøkkenbenk utan gamal oppvask. Vaskedama som kjem annakvar fredag er også med på å halde nivået oppe.

Høg terskel for å kjøpe nye ting hjelper også, ting skapar rot. Ting som ikkje er i bruk bør seljast eller gjevast bort. Men eg kan sikkert rydde ut av klesskapet mitt to store esker med tøy som eg ikkje lenger brukar. Så forbedringspotensialet er definitivt til stades. Likevel, i kvardagen praktiserer eg prinsippet som hong på enkelte kjøkkenveggar på syttitalet: Det er betre med litt skit i krokane enn eit reint helvete.

This entry was posted in: Frustrasjonar, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

14 Comments

  1. Line Cathrin says

    Takk og amen til det. her er det sjeldent besøk dermed kaos til tider. Liker ikke å få uanmeldt besøk da, men har overlevd det og. Henger ikke alltid med på alt jeg, og strøkent hjem hører slett ikke med i energi fordelingen min når det er slik.
    Men jeg må til å styre nå. For vi vurderer sterk å bytte hjem med noen i sommer. 😉

    Likar

  2. En må jo også huske at mye «rot» også er liv. Gammel oppvask er jo en annen kategori, den vil jeg helst ikke ha – men lego under sofaen, strikketøy i en stol, en haug bøker på bordet, tegnesaker på et annet bord, rester av et hulebyggerprosjekt med tepper under trappa, votter og sokker etter skituren som ennå ikke har kommet seg helt ned i skuffen sin, en tøffel her og en tøffel der…
    Jeg har vel lært meg å være rausere med blikket på «rotet» vårt – se at mye av det er uttrykk for et myldrende liv – og et hus der vi er mange. Og jeg vil ikke skamme meg over et myldrende liv, jeg er glad for besøk uansett (men jeg liker ikke å finne en muggen agurk innerst i kjøleskapet, da kommer nok skamkjenselen allikevel.) Ha en fin dag.

    Likar

  3. potentilla says

    Akkja, sier jeg bare….Satser på at rot og litt mangelfull vasking er bra for immunforsvaret :))

    Likar

  4. Silje says

    Ryddig ja, rent tja… Det er vel sånn ca sånn det er hos meg. Bor alene med en hund, så det er litt lettere da. Men jeg liker orden og at det er «rene» bordflater og kjøkkenbenker. Det gir meg ro i sjela. Men om de er støvete og skitne, det gir jeg egentlig f i 🙂

    Hvis det kommer uanmeldt besøk kan jeg ta en ekstra titt inn på badet og se at det ikke ligger noe skittentøy på gulvet som kanskje burde bli kasta opp i kurven, man kan jo skåne gjester for enkelte syn 😉 Tenner noen lys (i sesongen) og så blir det så trivelig så, støvete og skittent som det sikkert er…

    Likar

  5. Gunn-Torill says

    Å ha eit ryddig og nyvaska hus, det er ei utfordring i ei familie på fem. Eg har mange jern i elden og kolleger seier: Eg skjønar ikkje korleis du rekk alt. Svaret mitt: Det gjer eg ikkje. Hybelkaninene bur i krokane og det er ikkje ryddig overalt.

    Eg vert også lett stressa av uventa besøk. Planlagte besøk, derimot… Eg har sagt til min kjære: Vi bør nok ha oftare selskap i heimen, for då må vi hive oss rundt og få alt/det meste på stell. Så det er eit mål for 2011: Fleire selskap! Dessutan halde fram med «ordensgut i familien» som vi starta opp i desember.

    Likar

  6. Sissel says

    Eg har ei fjøl som eg mala for nokre år sidan (malte fleire og gav bort) der står det:
    Her er det reint nok til å være sundt
    og skittent nok til å være….
    hyggelig!

    Det vises i heimen når mor er for mykje på farten og livsoppgåva med å få med tenåringane er ei utfordring. Fleire teknikkar er prøv der og håpet bleiknar aldri……

    Likar

  7. Vanskelig å holde orden er det uansett om en er én eller fem, tror jeg. Med mindre man er typen som bare har tellekant over alt helt av seg selv. De finnes, de også.
    Jeg er heldigvis ikke så gruselig nøye på det, og så redder vi oss inn ved hjelp av vaskehjelpen som kommer annenhver uke, og den grundige ryddingen kvelden før.

    Besøk er velkomment uansett 😀

    Likar

  8. maiblomst says

    He, he! Det handlar nok litt om kva persolighetstype ein har.
    Meg og mannen min er litt ulike der. Han likar å ha orden, og eg har lett for å legge ting i frå meg der eg brukte det sist;-)
    Så har me lært litt av kvarandre. Han forstår at det kan være greit å la oppvasken stå nokre gonger, for å gjere noko kjekkare, og eg ser at det er deilig å stå opp til nokelunde ryddig hus.
    I motsetning til deg har eg fått positive tilbakemeldingar på mitt litt rotete hus.
    Ein gong eg hadde bede nokre venniner heim etter ein konsert, og hadde litt for lite tid til til å rekke alt, måtte eg velg omeg skulle få lagt saman kleda, eller laga mat til besøket. Eg valgte å lage mat, og kleshaugen låg fint i ein stol. Det har eg fleire gonger fått høyre ga andre eit meir avslappa forhold til det å ha gjester:-)
    Men eg likar jo helst å ha det nokelunde i orden når eg får gjester eg også;-)

    Likar

  9. Jeg vokste opp med en mor som helst vasket veggene i skoskapet før hun inviterte folk, og uanmeldt besøk ble ansett som direkte ukultivert. Det var ikke like stas det heller bestandig ( hun mener forøvrig at pertentlig er et positivt ladet ord…)

    Likar

    • Vi har tydeligvis mødre av samme støpning 😉 Og du og du hvor mye dårlig samvittighet det kan medføre…..

      Likar

  10. Renslighet er en dyd, men når det blir hygiene er det for mye av det, sa far min. Jeg har lært et uttykk av ei gammal sunnmørsdame: å vere trygg for døra. (Utlagt: Ha det såvidt ryddig og greit at en ikke skvetter skyldbetynget når det ringer på, og ha et eller anna på lur å sette fram for besøkende. )
    Jeg har et stykke fram dit enda, kjenner jeg.

    Likar

  11. Solveig says

    Heime hos oss er det heller ikkje trygt for døra! Men det er heller ikkje eit mål..

    Likar

  12. Tilbakeping: Reint/ikkje reint « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s