Billig mat, Noko søtt, Veggis
Comments 2

Marsipanfylte eple

Eg kjøper alltid inn frukt til jul, i von om at vi skal vere litt sunne innimellom alt snopet. Men det slår ikkje feil, det ligg eple att på fatet når jula er over. Eg fann ein halveten marsipangris i eit skap, då vert det deilige marsipanfylte eple til dessert. Denne oppskrifta er til seks personar. Slik gjer eg det:

Marsipanfylte eple

Seks eple

125 g marsipan

to eggekviter

Ei klype salt

Litt smør

½ ts kanel

Set omnen på 180 grader. Skrell epla og stikk ut kjernehuset. Stikk gjerne ut litt raust av epla, då blir det plass til meir marsipanmasse. Legg dei i eit smurt eldfast fat. Smør epla inn med eit tynt lag smør. Riv marsipanen på eit rivjern.

Pisk to eggekviter stive med litt salt. Vend inn den rivne marsipanen og kanel. Då vert massen flat, men det gjer ingenting. Den hevar seg i omnen likevel. Fyll marsipanmassen i epla. Steik epla på 180 grader i 30 minutt. Server med piska krem og litt karamellsaus om du er i det rampete hjørnet.

 

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. iduns says

    Då er desserten redda i dag, takk Alt godt. Vesle guten på 22 år skal tilbake til hybelen i Bergen og må få noko godt siste dagen han er heime.

  2. Pingback: Å sylte i januar « Alt godt

Leave a Reply