Denne gryta kom til etter at eg hadde noko tysk øl i kjøleskapet som faktisk nærma seg utløpsdato, og i tillegg eit kjøtstykke som nok hadde passert den med god margin.
Så fann eg ut at eg skulle bruke ølet som kraft i ei kjøtgryte. Denne gryta skulle etast av heile familien, så difor tok eg ikkje så mykje øl i, men supplerte med buljong. Er det berre ølelskande vaksne som skal spise hos deg kan du vere rausare med ølet.
Storfekjøt er best rundt utløpsdato, så lenge ingen har kverna det så er den datoen berre rettleiande i mitt hovud. Eg luktar på det, luktar det godt så puttar eg det i maten. Ingen klagde, tvert imot. (Ingen visste heller, unntatt meg, det er den andre sida av saka.)
For øvrig var dette ei “man tager hvad man haver”-gryte, det som burde etast opp fekk vere med. Slik gjorde eg det:
600 g storfekjøt, eg brukte ytrefilet
To raude løkar
Tre gulrøtter
Ein paprika
1 ts timian
1 laurbærblad
Ein buljongterning eller 1 ss fond
1,5 dl øl
4 dl vatn
1 ss mjøl
Smør eller margarin til steiking
Salt, peppar og 1 ts sukker
Skjer kjøtet i tynne skiver. Rens grønsakene, og del dei opp i passe store bitar. Smelt smør i ei gryte, og steik kjøtet til det får god farge. Steik 1/3 av kjøtet i kvar omgang, og kok ut panna med vatn og øl mellom kvar steikerunde. Ta vare på utkoket. I siste steikerunde strør du på 1 ss mjøl, rører godt og kokar panna ut med væska.
Ha alt kjøtet tilbake i panna, og ha i grønsakene, buljong, timian og laurbærblad. La det heile koke til grønsakene er møre. Smak til med salt, peppar og litt sukker. Server gryta med kokt ris og brokkoli.
Det ser godt ut, og ingrediensane er slike ein har i hus!
Ja, det er litt av poenget, syns eg. Eg likar å lage mat med det eg har i huset. Det gjer sikkert du og, Solveig. 🙂
Eg har som regel “vanlege” ingrediensar i hus. Må ein handle inn spesielle ting, så stoppar det ofte der. I alle fall i det daglege.