Er det rart-
-at ein kjenner seg velkommen? Når vertskapet har pynta trappa med lys og blomar i desember? -Og så enkelt kan det gjerast, når ein skal lage ein adventsstake. Fire lilla lys med olivengreiner og glitrande steinar.
-at ein kjenner seg velkommen? Når vertskapet har pynta trappa med lys og blomar i desember? -Og så enkelt kan det gjerast, når ein skal lage ein adventsstake. Fire lilla lys med olivengreiner og glitrande steinar.
I går kveld vart vi fullstendig røyklagt der vi sat og kosa oss i skinet av stearinlys. Her vi bur er det ein gamal kokskamin som syter for varme utanom straum og stearinlys. Den gjer stort sett ein grei jobb, sjølv om den er så liten at den krev stutt ved. Byved kallar dei det, folka som kjem hit med femten sekkar bjørkeved kvar haust, den er berre 20 cm lang. Men i går var det altså kombinasjonen av døyande eld og ein heidundrande vind ute som gjorde at det slo ned noko voldsomt. Det var verre enn på julemarknaden til Steinerskulen. Å lufte var håplaust, då fekk vi inn røyken frå alle dei rundt oss og. Likevel er vi blant dei heldige som faktisk kan fyre i indre by. Brannvesenet har vore ute på inspeksjon i svært mange gårdar som er bygd mellom 1890 og 1920 dei siste månadane, og mange har blitt pålagt fyringsforbod. På andre sida av trappa hos oss er det fyringsforbod, men heldigvis ikkje i vårt pipeløp. Denne prosessen går …
På onsdagane jobbar begge barna mine. Femtenåringen står på byens flottaste parfymeri, Heaven Scent. Kvar onsdag etter klokka tre og annakvar laurdag finn du henne der. Trettenåringen har fått jobb med å passe ein kjempefin blandingshund som bur på Grünerløkka med menneska sine. Trettenåringen kjem innom meg på jobb, hentar nøklar til dit han skal, går dit, låser seg inn og hentar hunden ut. Så går han og hunden ein tur på ein halvtimes tid, før hunden blir låst inn att. På bordet ligg det ein femtilapp som takk for innsatsen. Eg byrja sjølv å jobbe tidleg, og hadde stor glede av det. Frå eg var tretten år dro eg kvar laurdag til Ulsteinvik med bussen, og eg hadde ein butikk som selde glas, servise og brukskunst som eg elska. Der kunne eg eigentleg tilbringe heile laurdags føremiddag. Då eg var femten kom ho som eigde butikken bort til meg, og spurte om eg ikkje like gjerne kunne byrje å jobbe der. Dermed hadde eg laurdags- og feriejobb frå då av og fram til eg …
Sjølv om det meldte seg mange nye blodgjevarar i etterkant av Utøya-tragedien så treng blodbankane rundt om i landet alltid nye som vil bidra til å bygge opp lagera av blod og andre blodprodukt. No er vi på veg inn i julebordssesongen, jobben min hadde faktisk julebord medan eg var på signeringstur til Sunnmøre. Der vonar eg det gjekk pent og pynteleg for seg, men det er ikkje på alle julebord det gjer det. Og når folk skal heim skjer det mykje knuffing og slossing i taxikøar og andre stader rundt om. Det gjer at blodbankane går inn i ei periode no der dei tærer på lagera sine. Eg skal gje blod i dag, og dersom du ikkje allereie er blodgjevar oppmodar eg deg til å sjekke om du kan gje blod, og registrere deg som blodgjevar. Det er ein meiningsfylt og nyttig ting å gjere for samfunnet og for beredskapen i landet vårt. Du kan til dømes registrere deg på http://www.giblod.no. Gi blod!
Denne filmen såg eg då eg hadde budd i Oslo i mindre enn eit år, og den gjorde stort inntrykk på meg. Eg hadde lese boka av Alice Walker, og dette er eit av dei tilfella der filmen gjev boka rettferd. Songen Celie’s blues spelar ei sentral rolle i filmen, den symboliserer ei forsoning, eit opprør og Celie sin veg ut av fangenskapet hos han ho er gift med. Eg veit ikkje om filmen har tolt tida, eg har ikkje sett den på lenge. Men songen har iallfall gjort det.
I dag er det stort familieselskap i heimen, han som til og med i går var tolv, vert tretten i dag. Det er han fine som då han var fire sa til bestemora si: Jeg er en luring, men jeg er snill. Det er han verkeleg. Han er ein tvers igjennom fin fyr som har vokst voldsomt i det siste, men framleis vil ha nattakos av mammaen sin, og som har onsdagsjobb med å gå tur med Pixie, ein fin hund vi kjenner. I går hadde vi fest med gutta, så kom alle frå klassen pluss eitt par til, og vi hadde bruskasseklatrekonkurranse, fem langpanner med pizza og ei med brownies, og PS3-turnering. For ein fin gjeng! Sjølv om desibelnivået var høgt, så var dei i godt humør, dei oppførte seg fint, takka og var glade for å få kome. I dag står det ei gryte med reinsdyrkjøt på menyen, servert med heimelaga potetmos. Eg har laga ei trøffelkake for første gong i mitt liv, så viss den vert vellykka så dukkar den nok opp …
I morgon er det søndag, og som nordmenn flest har du kanskje tenkt å gå søndagstur? Eg har eit forslag til deg: Registrer deg som bøsseberar i ditt nabolag, og gå søndagstur med bøsse for TV-aksjonen. Det blir årets viktigaste søndagstur. I år går inntektene frå aksjonen til mineryddingstiltak i regi av Norsk Folkehjelp. For å bli bøsseberar ringer du 02025, eller du kan registrere deg på http://www.blimed.no. Får du ikkje gått søndagstur med bøsse kryssar eg fingrane for at du tek imot dei som kjem på døra di med kontantar i lommeboka og eit smil. Er du ikkje heime kan du gi ei gåve til konto 8380 08 09005. Eg har prøvd å finne ein givartelefon, for eg syns det er ein enkel måte å bidra på viss eg ikkje er heime. Det har eg ikkje funne, men viss du veit nummeret så skriv det i kommentarfeltet. Uansett: God TV-aksjon!
-at sjølv om eg er heilt i kjellaren, har vondt, er trist og åleine, så kan han reparere alt. Når han kjem heim så gir han meg massasje, trøstar og klemmer meg, og så er alt bra igjen. Tenk å vere så heldig.
Vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen, vi er ikkje gamle før vi lærer det. Men kvar går vegen til mitt hjarte? Då meiner eg ikkje den første autostradaen som ligg klar og open, og ber han bergta meg. Eg meiner kvardagsvegen, den vegen som må gåast om att og om att, som ein sti som ikkje får gro att. Som eit sauetrakk i fjellet, som ein sti over mark og eng. Der vi må gå fram og attende begge to, for å kjenne oss nær kvarandre og for å huske på kvifor autostradaen lå open for eit års tid sidan. Min kjære har forstått det. Vegen til mitt hjarte er blomekledd. Når han ser fine blomar utanfor ein innvandrarbutikk stoppar han, og kjøper med seg ein bukett eller to. Og eg blir alltid like hoppande glad. Sjølv om det betyr at eg må vaske vase, blande næringspulver, kutte stilkar og dandere rett før gjestane kjem. For eg veit at han gjer det utelukkande for å gjere meg lukkeleg. No har eg ein bukett …
Ooo. you make me live whatever this world can give to me It’s you, you’re all I see Ooo, you make me live now honey Ooo, you make me live You’re the best friend that I ever had I’ve been with you such a long time You’re my sunshine And I want you to know That my feelings are true I really love you You’re my best friend Ooo, you make me live I’ve been wandering round But I still come back to you In rain or shine You’ve stood by me I’m happy, happy at home You’re my best friend. You’re the first one When things turn out bad You know I’ll never be lonely You’re my only one And I love The things that you do You’re my best friend Ooo, you make me live. I’m happy, happy at home You’re my best friend You’re my best friend Ooo, you make me live You, you’re my best friend.
Karriere, utdanning og ambisjonar til tross, ikkje gløym dette. Av og til treng eg berre ei lita påminning.
Pappa og eg tok ein tur ut til Eika på søndag. Eika er ei øy som ligg nedanfor sørspissen av Hareidlandet. Sundet mellom Eika og Hareidlandet heiter treffande nok Eiksundet, og over dette sundet går det kjende Eiksund-sambandet, som gir Herøy, Sande og Hareidlandet fastlandssamband. Fram til Eiksundsambandet opna i 2008 var Eika utan rutesamband med omverda. Ein måtte ha eigen båt, skulle ein ut dit. No derimot, går brua som fører ned til den undersjøiske tunellen over frå Hareidlandet til Eika, og der er laga ei avkøyrsle som gjer at det er lett å dra på fottur over Eika. Eg veit ikkje så mykje om Eika, bortsett frå at den var ein del av Herøy kommune fram til 1964, då den gjekk over til Ulstein. Eg har blitt fortalt at namnet kjem av at den hadde den nordlegaste eikeskogen i Noreg, men om dette stemmer veit eg ikkje. No finst det eikebestandar fleire stader i Møre og Romsdal, iallfall, men eg trur vårt fylke framleis er rekna som den nordlege grensa for naturleg forekommande …
Men kven var det som kom på å barbere leggen på den furua?
Første foreldremøte på vidaregåande skule er gjennomført. No er det offisielt, vi har ei dotter som held på å bli vaksen. Det er mogeleg eg har eksepsjonelt godt minne, iallfall syns eg at eg huskar vidaregåande veldig godt. Eg huskar at far min utstyrte meg med fullmakt først i meldingsboka til å skrive mine eigne meldingar, og at eg måtte passe på å rekke bussen kvar dag kvart over åtte. Noko foreldremøte høyrde eg aldri om, det er mogeleg dei var der ein tur då vi fekk vitnemål. Vidaregåande var mi eiga greie. Då klarte eg meg sjølv, eg lagde min eigen matpakke og ingen passa på at eg gjorde leksene mine. (Det hadde dei vel ikkje følgt opp så tett tidlegare heller, desse foreldra mine. Dei satsa vel på at det gjekk bra, og det gjorde det, men ikkje fordi eg gjorde så mykje lekser.) Men no er det ein annan musikk. I klasserommet i går kveld sat det tredve bekymra, solskada vestkantmødre som ikkje var klare for å sleppe taket. Når får vi …
Du må sjå denne. Dei er så fine!
Gå til google og trykk på playknappen. Trist og fint på same tid.
Ein finn alltid noko på loppemarknad, iallfall gjer eg det. (Men berre for å ha sagt det; det er ingenting som eg treng. Vi har meir enn nok ting her i huset.) Men eg fann fine ting denne gongen også. Eg hadde eit klart og tydeleg oppdrag og, mor mi ville ha ei ny jerngryte til huset sitt i Nord-Norge. Det gjennomførte eg, i kjøkkenavdelinga fann eg ei fin jerngryte. Etter ein omgang med stålull og olje klarte eg til og med å konstatere at gryta eg hadde kjøpt for tjue kroner var ei Le Creuset-gryte. Den er ikkje så tung i godset som Høyang-pannene, men det gjer den også lettare å handtere. Til meg sjølv kjøpte eg fire eplegrøne skåler, dei har eg nokre av frå før, og nokre gule. Dei gule er eg ikkje så fornøgd med, så dei skal få gå på neste loppemarknad no, eller kanskje til Nord-Norge dei og? Ei lita syltetøyskål i pressglas vart også med heim. Eg fann nokre fine juleboksar, ein liten ein som eg planlegg å …
…viss du lurer på kva du skal finne på, og du er i Oslo: Kom til Ila skule, og gå på loppemarknaden der! Der er det masse fint, deilige vafler, snille korpsforeldre og flotte lopper til gode prisar. Vi skal iallfall dit! Ila ligg i Fougstads gate 10, 21-bussen til Falch Ytters plass og gå opp Fougstads gate, eller ta 37-bussen til St.Hanshaugen og gå opp Geitmyrsveien og så ned Brandts gate.
Ja, eg må vel innrømme at eg trur det. I går var ein av dei siste sommardagane. Eg var så heldig at eg fekk tilbringe kvelden på Oslofjorden, i ei skute med master og segl. Det var fleire slike på fjorden i går, mellom anna den du ser under. Det var ein fin kveld, med fine folk.
Eg har tenkt litt på dette med angsten for at kulturar skal blande seg, som enkelte tydelegvis ber på. Snikislamisering og “multikulti” er uttrykk som vert brukt på ei utvikling der folk migrerer, og tek med seg skikkar, religion og levesett i ulik grad. Midt i livet som eg er har eg reist ein del. Vi byttar hus, eg har reist i jobbsamanheng og eg elskar å reise. Hadde hypotesene til dei med kulturblandingsangst slått til skulle det gått i retning av at det vart meir og meir likt rundt om i verda, særleg i Europa, dit “alle” vil. Mine erfaringar tilseier at dette ikkje stemmer på noko sett og vis. Sidan vi ofte bur i private heimar så ser vi korleis folk har det i den næraste sfæren, der relativt få slepp inn. Mange ting er likt, men veldig mykje er også ulikt. Når vi går ut døra har kvar by, sitt land sitt distinkte særpreg. Eg er aldri i tvil om kva land eg er i. Når eg snakkar med folk så har …
Eg får meldingar heimafrå om at folk uroar seg for oss. Det er ingen grunn til det, kjære dokke. Til alle bekymra sjeler: Vi har det fint og trygt i eit roleg strøk av Oxford. Oxford er ein stille by med lite ramp og for tida mykje synleg politi i gatene. Dei som kunne finne på rampestrekar her omkring vart meir eller mindre fotfølgde gjennom gatene, dei vert haldne i kort lenke. I dag tenker vi oss avgarde til Cotswold, eit vakkert område nordvest for Oxford. Min kjære køyrer, og eg les kart og gjev ordre. Det har eg øvd på sidan eg køyrde inn i Paris med far min tidleg på åttitalet. Så det går nok bra! 🙂
Vi sit her i fredelege Oxford og les om opptøyar og plyndring i London og Birmingham. Det synest heilt uverkeleg at områda der vi gjekk på fredag vert raida av “opprørarar”. Bakgrunnen for desse opprøra er ikkje heilt klar for meg, men slik eg har forstått det er det utløyst av at politiet i Tottenham, nord i London torsdag skulle pågripe ein person som var mistenkt for eit brotsverk. Den mistenkte heitte Mark Duggan. Under pågripinga trakk Mark Duggan våpen, og vart då skoten. Han døydde av skotskadane. Politiet sine “familiekontakter” hadde møte med familien til Mark Duggan, og dei vart då einige om at varslinga av foreldra til Mark Duggan om at sonen deira var død skulle familien ta seg av. Det er noko uklart kva som vidare skjedde, men foreldra til Mark Duggan følte at dei ikkje fekk ordentleg beskjed, og at kontakta med det lokale politiet var for dårleg. Familien organiserte derfor på laurdag ein protest mot dette, og denne protesten utarta til det første “opprøret”. Mark Duggan var av afrikansk opphav, …