All posts filed under: Livet

Knocking ourselves out

London ligg og freistar ein time med toget frå Oxford. I og med at enkelte i familien har ei sterk og uthaldande evne til shopping, medan andre ikkje har det, kan det i slike situasjonar vere best å splitte opp familien for å hindre uvennskap og trykka stemning. Difor foreslo eg i torsdag kveld for min kjære at hankjønna skulle bli att i Oxford fredag, medan vi damene skulle utrette store ting i storbyen. Han syntest det var fornuftig, og tok på seg ansvaret for å halde aktivitetsnivået oppe blant dei mannlege medlemmane i familien medan vi var borte. Vi damene satte oss på toget til London i titida, og gjekk i gang med powershopping med krum nakke. Eg må innrømme det; eg har fostra eit luksusdyr. Mitt eige forbruk er ganske moderat syns eg sjølv, det eg har av solbriller er kjøpt på Hennes & Mauritz, og eg har ingen vesker som kostar meir enn 800 kroner. Av bitter erfaring veit eg at eg har ein tendens til å rote bort ting, eller dei vert …

Boligbytte i Oxford

God morgon! Vi kom hit til Oxford i går ettermiddag, og har flytta inn i eit klassisk britisk mursteinsrekkehus over fem etasjar. I underetasjen har dei vi bur med privat praksis, du veit slik med benk og prating om livet. I hovudetasjen har vi stove, gang og eit romsleg kjøkken, og utgang til ein nydeleg hage med lysthus, huske og blomar. I andre etasje er det bad, foreldresoverom og eit musikkrom med eit flygel! Over der har barna sine to soverom, og på toppen er det eit loftsrom som vi ikkje brukar. Romsleg, altså. I går fann vi ein fin pub, og spiste deilig engelsk pubmiddag med sheperd’s pie, rib eye steak og bangers and mash. Ostekakene vi fekk til dessert var nydelege. I dag skal vi gjere oss kjent i Oxford, puben vi spiste på i går var ikkje i sentrum, så vi fekk berre sett sentrum gjennom buss- og taxi-vindauga. Vi gler oss!

Skal du lese ein ting denne helga

så bør det vere denne artikkelen av Andreas Wiese. Han skriv om den urovekkande tendensen til at nettsøk leier oss i retning av det vi likar og vil ha meir av. Svekkar det oss? Møter vi for få motforestillingar? Blir vi lulla inn i ei verd av harmoni der alle er einige med oss?

Ikkje la angsten styre!

Eg les at foreldre vil halde barna sine heime frå Norway Cup. Det gjer meg trist og fortvila. Ta byen tilbake, var oppmodinga frå politiet. Den kom ikkje i går, men laurdag morgon. Oslofolk vart oppmoda til å ta byen i bruk igjen, vere der for kvarandre og ta vare på kvarandre. Det har vi gjort, vi som bur her og tilreisande. Vi går rundt i gatene, litt rolegare enn før, vi ser på blomane som fyller byen og vi les på korta som barn og vaksne har hengt opp  og lagt frå seg. Vi har teke byen tilbake. Vi let ikkje angsten styre. Min femtenåring må ta trikken i staden for 37-bussen, men ho dreg ned til byen på jobb kvar dag, og brenn lys for dei døde og sakna i butikken der ho jobbar. På den måten, og ved å prate med vennar bearbeider ho sorga over å miste folk ho kjente og hadde samarbeidd med. Eg vil våge denne påstanden: Ved å halde barna heime frå Norway Cup skaper foreldra angst i …

Void

Det følest tomt og meiningslaust. Framleis gjer det det. Men eg trøstar meg med fine bilde. Sjå denne fine bildeserien. OsLove.

Eit arkitektonisk mesterverk

Ja, det har faktisk blitt omtalt som det, sjølv om enkelte kallar det brunosten. Erling Viksjø teikna dette bygget som vart eit av dei første høghusa i Oslo då det vart ferdigstilt i 1958. Erling Viksjø sat på Grini saman med Einar Gerhardsen, og livet og verket hans er fletta tett saman med det norske sosialdemokratiet. H-blokka symboliserer dette, like kontor til alle og sentral plassering vitnar om ein likheitstanke som vi ber med oss framleis. Då eg arbeidde i regjeringskvartalet tidleg på nittitalet var det fri gjennomgang i H-blokka. Det opne byråkratiet, samanfletta med det politiske apparatet, men likevel sjølvstendig, arbeidde her. Han har teikna fleire andre bygg og konstruksjonar rundt om i heile landet, mellom anna Hydro-bygget på Solli plass, Tromsø-brua og kunstsamlinga på Lillehammer. Men H-blokka, og seinare Y-blokka som har kontor for fleire departement er nok rekna som hovudverket hans. Noko av det spesielle med dette kvartalet er den integrerte bruken av kunst. I vestibylen i H-blokka dekorerte Kai Fjell fondveggen med ei vakker frise, der er også arbeid av Inger …

Vaktmester Alt godt

I dag og i går har eg vore vaktmester. Eg fekk ein telefon i går tidleg, med spørsmål om kor fort eg kunne vere i byen. Vi spiste frukost, pakka ned teltet som sto over baren på brygga i Kolbjørnsvik, og trakka på gasspedalen i retning Oslo. Grunnen til det var at «vårt departement» har fått knust sine lokale. No lagar vi lokale til dei hos oss. Det betyr at over hundre av våre må over i eit midlertidig  bygg på ubestemt tid. Eg har det ofte slik når det er ei krise, at eg syns det er godt å gjere noko. Så eg fiksar lokala. I går administrerte eg flyttefolk og reinhaldarar i lokala der departementet skal inn, og i dag har eg gjort det same i lokala der våre har flytta inn. Smått med juridisk arbeid, men det hadde eg vel ikkje fått gjort uansett, tenker eg. Det er godt å ha ein jobb der ein kan variere oppgåver etter kva som jobben treng, og etter kva eg treng. I dag trengte vi …

Kringsatt av fiender

Folkens, no må vi halde saman, halde kvarandre oppe, ta vare på dei som er berørt og ta byen vår tilbake. Eg elskar Oslo. Til Ungdommen Kringsatt av fiender, gå inn i din tid! Under en blodig storm – vi deg til strid! Kanskje du spør i angst, udekket, åpen: hva skal jeg kjempe med hva er mitt våpen? Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: troen på livet vårt, menneskets verd. For all vår fremtids skyld, søk det og dyrk det, dø om du må – men: øk det og styrk det! Stilt går granatenes glidende bånd Stans deres drift mot død stans dem med ånd! Krig er forakt for liv. Fred er å skape. Kast dine krefter inn: døden skal tape! Elsk og berik med drøm alt stort som var! Gå mot det ukjente fravrist det svar. Ubygde kraftverker, ukjente stjerner. Skap dem, med skånet livs dristige hjerner! Edelt er mennesket, jorden er rik! Finnes her nød og sult skyldes det svik. Knus det! I livets navn skal urett falle. …

Beina

Slik ser dei ut, med indianarteikningar, plaster og myggestikk.

Eit hjarte på vandring

Begge dei to hjarta mine har vore på reise i det siste. Den yngste har vore på trygge reiser, til bestemor i Nord-Norge og med pappa til Frankrike. Spennande og kjekt, men ikkje så risikabelt. Den eldste, ho på femten derimot, er av det meir vidløftige slaget. Ho har saman med to vaksne og tre andre ungdommar reist til Brasil, for å bli betre kjent med indianarane som lever langt inne i regnskogen. Prosjektet er i regi av Senter for frivillig ungdom på Sagene her i byen, og dei reiser for å bli kjent med indiansk kultur, for å bringe bodskapen om den indianske kulturen tilbake hit og for å knytte venskapsband. Du finn masse bilde frå turen her. No er ho tilbake, i vesentleg same stand og mengd, med intrikate mønster på leggane, sekken full av gåver og fine ting, tusenmillionar myggestikk og stappfull av inntrykk. På mail bestilte ho biff med kantarellsaus, og det fekk ho i går kveld. Ovedia lagde deilig rullekake som den attkomne sikkert et til frukost i dag. No …

Spør først, grav siden

sto det på telefonkatalogane i gamle dagar. Det var eit problem at gravemaskiner grov over telefonkablane. No for tida skjer det også tabbar, og her om dagen gjorde eg ein. Eg skulle vise fram fine bryllupsbilde til min kjære, som var på Roskilde medan det mest forelska paret i verda gifta seg, og då ville eg få dei to macane mine til å snakke saman. Det kan gå heilt fint, men det eg ikkje var klar over var at den berbare som var på loftet har ein nyare versjon av iPhoto enn den gamle som alle bilda er på. Den berbare spurte om eg skulle oppgradere iPhoto-biblioteket, og det svarte eg så kjekt ja til. Dermed låste eg ganske effektivt min eigen tilgang til iPhoto frå den stasjonære maskinen. Kjæresten min har no sett i gang ein operasjon der bilda vert flytta igjen, over frå den berbare til den stasjonære. I mellomtida får eg ikkje tilgang til dei nye bilda mine. 🙁 Difor får eg ikkje blogga om dei fine rosene frå bryllupet, borddekorasjonane og …

Alla famnar jag lämnat

Ja, den har vore her før, men den har aldri i mitt liv vore meir aktuell enn no.

Verdas mest forelska par

Ja, dei er det, desse to fine som gifta seg i helga. Dei har funne fram til noko som mange leitar etter, og ikkje minst har dei vit til å ta vare på det gode dei har funne. Mitt bidrag til feiringa var ein song i kyrkja, og denne kaka. Det var ei ære og ei glede å få lov til å bidra. Mange andre var med på å gjere dette til ei fin feiring. Søster, bror, vennar og venninner lagde flotte utdrikningslag. Eit søskenbarn lagde rebusløp og masse fellesaktivitetar på Øvresetertjern fredag kveld. Koret som brura syng i song i kyrkja. Eit svigersøskenbarn fotograferte. Tanter og mødre hjalp til med borddekking, bordpynt og kakebakst. Nokre bidrog økonomisk, til dømes til bryllupsreise, kjole, kjole og kvitt og meir til. I går var vi samla heime hos brudeparet, då var alle gjestane invitert til grillfest medbrakt barn. Eit søskenbarn med sambuar lagde salatar, grillmat, dressingar og foccaccia til femti gjestar. Vi har blitt rista saman, møtt nye menneske og feira to av dei finaste vi kjenner. …

Å drite i ting

Jeg trenger et kurs i å drite i ting, sa ei venninne av meg her om dagen, ho trengte litt støtte og foring og kom på rett plass, i min hage. Ho fortalte om legen sin, som snakka om alle dei unge, slitne som sat på kontoret hans og ikkje visste verken att eller fram på ting. Så vi filosoferte litt rundt kva det er som slit oss ut, no i desse tider då mat, jobb og inntekt kjem lett til oss, vi har uendelege mengder med informasjon og underhaldning, og likevel så leitar vi etter meininga med livet. Ein av lesarane mine kommenterte i går: Er det noe du ikke kan? Då eg las det fann eg ut at eg måtte gå i meg sjølv. Framstiller eg meg sjølv som om eg kan alt, rekk alt og får til alt? Ups, det er i tilfelle blank løgn. Eg plumpar uti med jamne mellomrom, uttalar meg om ting eg ikkje har greie på, gyv laus på ting eg ikkje kan og feikar i veg. Det …

Remedie nr. 3

Ok, no har eg prøvd smoothie proppa med vitaminar, og eg har prøvd ”décoction anti-infectieuse”. I dag tenkte eg å prøve noko som var basert på ei oppsummering av alle dei gode råda i går. Eg fekk mange råd, med stor variasjon, frå kvitløk og ingefær til hot whiskey og raudvin. Så då vart det eit kompromiss av alle desse råda. Eg hadde ståande ei halv flaske raudvin frå festen som var her på fredag. Den var rett nok alkoholfri, sidan den var medbrakt av ein gravid gjest, men det fekk meg eigentleg berre til å føle meg litt skikkeleg og snill, som ein skal når ein er sjukmeldt. Raudvinen vart varma opp i ei gryte, og oppi vinen hadde eg fire kardemommekjerner, fire nellikspiker, fire skiver fersk ingefær, ei kanelstang og safta av ei raus skive sitron. Dette fekk stå og trekke i 20-25 minutt. Då det hadde trekt ferdig, hadde eg i ei skei med honning, og så kom eg på at eg hadde litt rom ståande. Det var berre ein liten slant som …

Er du ren? Er du tro?

Kan speilet tale? Speilet kan tale Speilet skal se på dig hver morgen, forskende, se på dig med det dybe, kloge øie, – dit eget! hilse dig med det varme, det mørkeblå øie. Er du ren? Er du tro? Det er dramatisk, dette diktet av Sigbjørn Obstfelder. Eg møter ofte menneske som seier at det er så viktig for dei at ein er ærleg og open. Dette er eigenskapar eg og set stor pris på. Alt for mykje vert fortia, pynta på og feia under teppet. Samstundes er det påfallande at løgn er ein del av den sosiale smøringa menneske imellom. Vi lyg om at maten var god, vi lyg om at vi har det fint når vi eigentleg føler oss heilt knust og vi lyg om at vi har planar ein kveld vi vert invitert i selskap, medan det vi treng er å tilbringe ein kveld i sofaen. I nære relasjonar er løgna med på å halde oss saman. Kjærestar, særleg dei nyforelska, lyg for å framstå som meir attraktive for den andre. Eg …

Når ein først er pjusk…

-så gjer det ingenting at NRK har bestemt seg for å vise M/S Nord-Norge si reise frå Bergen til Kirkenes. Eg har tidlegare fortalt om mitt spesielle forhold til Hurtigruta, eller Hurtigruten, som den eigentleg heiter. Eg er fødd ombord i M/S Lofoten, så desse båtane ligg mitt hjarte nær. Difor er det eit fortreffeleg tidsfordriv å sjå ferda nordover på tv. Eg trur ingen forsto at dette skulle bli ein suksess, men det har det blitt. På facebook-sida til sendinga går praten natta igjennom, og både plassar, ruta og musikken som blir spelt vert livleg diskutert. Følgjer du med? Bur du der nord, og er ute i båten din, eller var du med i Lødingen sykkelklubb, som sykla jamsides med Hurtigruta mellom Raftsundet? Var det du som sende ei helsing til Bitta? Eg veit iallfall at mor mi og venninna hennar står på kaia på Finnsnes i dag litt over elleve, så vink litt ekstra frå sofaen eller frå kontorpulten din akkurat då. Send ein tanke til ho som vart sendt med M/S Lofoten …

Dårleg med smått stell

Eg er pjasken for tida, den store sommarforkjølinga har kome over meg og plagar meg med sår hals, tett nase og vond kropp. Så difor vert det ikkje så mykje aktivitet her i bloggen. Men eg får sende dei friske i familien (vi hostar alle, så mindre sjuke er vel meir presist) på kjøkkenet og lage oss litt sikringskost. Det hjelper på alt, også såre halsar og tette naser.

Ein god idé

Eg kjenner nokre fine matmenneske, det vil seie at dei er like matnerdete (til dels meir enn, faktisk) som meg. Her om dagen gjorde vi ein avtale om at vi skulle møtast, og bytte kokebøker som vi aldri brukar. Det er jo alltid nokre som vert ståande ubrukte i hylla, eller du har laga den eine gode oppskrifta så mange gongar at du kan den utanat. Det er ein god tanke å få slike bøker i sirkulasjon til andre som kan ha bruk for dei, syns eg. Ein manns søppel er ein annan manns gull, seiest det. Det gjeld til fulle i slike situasjonar. Difor samlast vi, ein liten gjeng med matentusiastar, for å bytte/gje bort kokebøker. Nokre av dei vi inviterte var ikkje så erfarne på kjøkkenet som oss, dei fekk sjølvsagt forsyne seg fritt utan å bytte med noko tilbake. Som du ser på bildet under var det ein smule kaotisk, litt vin, te og pikekyss vart servert, samt godt brød og ein dugeleg porsjon hummus. Meir skal det ikkje til for å …

Den største sorga

Eg les og les i bloggen til Amelie, og føler så med henne i sorga hennar over å miste eit barn. Då eg holdt tale for femtenåringen min i konfirmasjonen hennar fortalde eg henne om korleis eg opplevde det å få barn. Det er som om hjarta mitt kom ut av kroppen min, og vart henne. (Og to år seinare vart det også broren hennar.) Så når ho vandrar rundt i verda er det hjarta mitt som vandrar rundt. Når ho ringer og fortel at ho sit på t-bana på veg heim etter å ha besøkt vennar på andre sida av byen, er det hjarta mitt som sit og bankar sårbart og ubeskytta der på t-bana. Samstundes må eg la hjarta mitt bevege seg fritt rundt, ho må bli stor, ho må lære seg å passe på seg sjølv. Eg kan ikkje forestille meg korleis det ville vere å miste eit barn. Eg tenker på Amelie, og vonar at ho klarer å hele seg sjølv og familien for dei såra dei får ved dette tapet. …

Jævla kjerring!

Jepp, det var karakteristikken ein gutslamp ga meg her om dagen. Eg hadde havna på legevakta, og det hadde han og, saman med venen sin. Kva type skade dei hadde pådrege seg er uklart, den var ikkje umiddelbart synleg, men vi hadde alle tre vore igjennom den første silinga. Sjukepleiaren i resepsjonen hadde altså vurdert oss som pleietrengande. Dei to perane fann det for godt å bruke tida vi skulle tilbringe saman i eit relativt lite rom til å spele rytmisk musikk med kvar sin mp3-spelar. Dei spelte ulik musikk, naturleg nok, og hadde på øyretelefonar. Ikkje desto mindre hadde dei det så høgt på at vi andre i rommet ikkje hadde hatt noko problem med å kjenne igjen musikken, hadde den blitt spelt åleine. To låtar samtidig oppå kvarandre vert brått vanskelegare. Når dei så skulle snakke saman, måtte dei naturleg nok overdøyve musikken sin og den til kameraten, så difor sat dei på toppen av det heile og ropte til kvarandre. Etter ein halvtimes tid, då ingen av oss enno hadde blitt ropt …

Har du lyst på ei mamma?

Her får du ei heilt gratis!

Fin film på NRK 2!

Eg er litt treg med denne meldinga, men likevel: No klokka 23:10 kjem ein av mine absolutte favorittfilmar på NRK2: Me and you and everyone we know. Sjå den!

Your quiet place

Len deg tilbake og nyt Keith Jarrett sitt lekre pianospel. Ha ein fin dag! 🙂