Livet
Comment 1

Eit arkitektonisk mesterverk

Ja, det har faktisk blitt omtalt som det, sjølv om enkelte kallar det brunosten.

Erling Viksjø teikna dette bygget som vart eit av dei første høghusa i Oslo då det vart ferdigstilt i 1958. Erling Viksjø sat på Grini saman med Einar Gerhardsen, og livet og verket hans er fletta tett saman med det norske sosialdemokratiet.

H-blokka symboliserer dette, like kontor til alle og sentral plassering vitnar om ein likheitstanke som vi ber med oss framleis. Då eg arbeidde i regjeringskvartalet tidleg på nittitalet var det fri gjennomgang i H-blokka. Det opne byråkratiet, samanfletta med det politiske apparatet, men likevel sjølvstendig, arbeidde her.

Han har teikna fleire andre bygg og konstruksjonar rundt om i heile landet, mellom anna Hydro-bygget på Solli plass, Tromsø-brua og kunstsamlinga på Lillehammer. Men H-blokka, og seinare Y-blokka som har kontor for fleire departement er nok rekna som hovudverket hans.

Noko av det spesielle med dette kvartalet er den integrerte bruken av kunst. I vestibylen i H-blokka dekorerte Kai Fjell fondveggen med ei vakker frise, der er også arbeid av Inger Sitter, og på endeveggen av Y-blokka har Carl Nesjar sandblåst inn i betongen ei teikning av Pablo Picasso. Dei to samarbeidde i mange år, og dette verket er det mest synlege av prosjekta deira.

I samarbeid med Erling Viksjø oppfann dei ein eigen metode for å få fram bilde i betong. Dei støypte først eitt lag, så la dei elvestein i det laget, og så støypte dei eit nytt lag med betong oppå steinen. Når dei så sandblåste etter teikningar kom steinlaget til syne, og skapte ei livfull og røff overflate som sto i stil med motivet på endeveggen på y-blokka; Fiskerne.

Denne teknikken er også brukt på friser inne i regjeringsbygga, der ein kan finne fleire motiv av Picasso, henta fram i livet av Carl Nesjar basert på Erling Viksjø sin patenterte betongmetode.

Stilen Viksjø representerer er ei vidareutvikling av den lyse, symmetriske og egale arkitektoniske stilen til hans læremeister Nils Bang. Begge to vart inspirert av den franske arkitekten Le Corbousier, og stilen kallast brutalisme, utan at det nødvendigvis er negativt meint.

Reine, rettvinkla og opne bygningskroppar med synlege strukturar, integrert kunst og liten skilnad på liten og stor i hierarkiet er viktige prinsipp i brutalismen. Det var ingen synleg skilnad på der statsministeren har sitt kontor og kontora til dei øvrige byråkratane. Alle har nokolunde same fasilitetar, og blir handsama likt.

Inntil fredag kunne ein få omvising i H-blokka klokka 14 og klokka 16 i grupper på maksimalt 20 personar.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Husker jeg tenkte: bygget står! Solidt arbeid med andre ord.

    Nå nærmer vi oss straks 1 million hand i hand på vg.no. Imponerende 🙂

Leave a Reply