Ferie, Livet, Lykke, Reise
Comments 4

Boligbytte i Oxford

God morgon!

Vi kom hit til Oxford i går ettermiddag, og har flytta inn i eit klassisk britisk mursteinsrekkehus over fem etasjar. I underetasjen har dei vi bur med privat praksis, du veit slik med benk og prating om livet. I hovudetasjen har vi stove, gang og eit romsleg kjøkken, og utgang til ein nydeleg hage med lysthus, huske og blomar.

I andre etasje er det bad, foreldresoverom og eit musikkrom med eit flygel! Over der har barna sine to soverom, og på toppen er det eit loftsrom som vi ikkje brukar. Romsleg, altså. I går fann vi ein fin pub, og spiste deilig engelsk pubmiddag med sheperd’s pie, rib eye steak og bangers and mash. Ostekakene vi fekk til dessert var nydelege.

I dag skal vi gjere oss kjent i Oxford, puben vi spiste på i går var ikkje i sentrum, så vi fekk berre sett sentrum gjennom buss- og taxi-vindauga. Vi gler oss!

This entry was posted in: Ferie, Livet, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Er dere i England? Håper dere får anledning til bli litt slik at dere får sett en masse! Håper på bilder og da! 🙂

  2. Ragnhild Slettner-St.Hilaire says

    Husk å dra på Pitt Rivers museum det er helt fantastisk! Kos dere!!

  3. Hørtes ut som et glimrende husbytte! Skulle gjerne vært i deres sko. Kos dere!

  4. Lin: Jepp, bilde kjem!
    Ragnhild: Pitt Rivers står på to-do-lista. 🙂
    Anne: Vi gjer vårt beste!

Leave a Reply