Allergi, Billig mat, Gjærbakst, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Honningloff med oliven


Faktorenes orden er likegyldig, lærte ein mattelærar meg ein gong, så om dette er ein honningloff med oliven eller ein olivenloff (eller eit olivenbrød?) med honning er kanskje likegyldig, det og.

Greia er iallfall at denne loffen smakte så godt at eg er plent nøydd til å dele oppskrifta med dokke blogglesarane. Smaken blir nesten litt brioche-aktig, nesten, men ikkje som bollar. Honningen har ein intens søtsmak som gjer at brødet får ein utruleg rik og fyldig smak. I kombinasjon med dei salte olivenane var det ein fulltreffar. Slik gjer du det:

Honningloff med oliven

5 dl fingervarmt vatn

1/2 pakke gjær, tørr eller vanleg

Mjøl til passe deig

1 ss honning

1 ts salt

2 ts provence-krydder

Ein neve svarte oliven utan stein

Løys opp gjæra i vatnet i bakebollen, eller ha den i mjølet om det er tørrgjær. Ha i salt, honning og mjøl litt etter litt. Elt inn nok mjøl til at du har fått ein god deig, ikkje for fast og ikkje for laus. La den heve i 40 minutt.

Del deigen i to. Eg lagde to små loffar med denne oppskrifta. Du kan også bruke halve deigen til å lage hamburgerbrød eller rundstykke.

Kjevle deigen ut til ein kvadratisk leiv på mjølstrødd benk, og pass på at den løsnar frå benken. Legg oliven på 2/3 av leiven på langs. Eg dryssa også på litt provence-krydder oppå olivenane.La kanten vere fri for oliven.

Rull frå den sida der du har oliven, og pensle med litt egg ytterst på kanten slik at rullen limer seg saman. Legg den på ei bakeplate. Pensle heile deigen med egg, og dryss på det du måtte ha lyst til å ha på. Eg dryssa på litt provence-krydder her og.

La loffen heve i 4o minutt før du steiker den på 220 grader i 15 minutt. Brukar du heile deigen i ein loff treng den litt lenger steiketid. Den er ferdig når den har ein hul lyd når du bankar på den under.

Server til ei god suppe eller ein middagssalat. Denne oppskrifta er laktosefri.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s