Humor, Livet
Comments 8

Jævla kjerring!


Jepp, det var karakteristikken ein gutslamp ga meg her om dagen. Eg hadde havna på legevakta, og det hadde han og, saman med venen sin.

Kva type skade dei hadde pådrege seg er uklart, den var ikkje umiddelbart synleg, men vi hadde alle tre vore igjennom den første silinga. Sjukepleiaren i resepsjonen hadde altså vurdert oss som pleietrengande.

Dei to perane fann det for godt å bruke tida vi skulle tilbringe saman i eit relativt lite rom til å spele rytmisk musikk med kvar sin mp3-spelar. Dei spelte ulik musikk, naturleg nok, og hadde på øyretelefonar.

Ikkje desto mindre hadde dei det så høgt på at vi andre i rommet ikkje hadde hatt noko problem med å kjenne igjen musikken, hadde den blitt spelt åleine. To låtar samtidig oppå kvarandre vert brått vanskelegare. Når dei så skulle snakke saman, måtte dei naturleg nok overdøyve musikken sin og den til kameraten, så difor sat dei på toppen av det heile og ropte til kvarandre.

Etter ein halvtimes tid, då ingen av oss enno hadde blitt ropt inn, og eg forsto at dette kunne trekke ut i tid, spurte eg dei om dei kunne vere så vennlege å skru ned musikken. Først lot dei som om dei ikkje kunne norsk. Slutt med å tulle, sa eg. Dokke kan like godt norsk som meg. Slå av den musikken, den plagar oss. (Dei andre rundt meg nikka og var einige.)

Det var då orda falt frå den eine av dei. «Jævla kjerring!»

Men han skrudde faktisk ned musikken, og det gjorde kameraten og. Og eg fekk noko å tenke på. Skulle eg bli sur? Fornærma? Eg humra for meg sjølv. Dei to kjenslene var faktisk ganske uaktuelle. Eg kjende med heile meg at det var heilt greitt å vere ei jævla kjerring.

Dei fleste jævla kjerringane eg kjenner er av beste sort. Vi tek ikkje fem øre for å strekke opp gutslampar som bråkar eller har føtene på bussetet. Vi snakkar til vilt framande utan å skjems, vi kjøper det vi har lyst på og vi har sex når vi vil.

Prevensjon har vi slutta med, enten har vi fjerna livmora, eller så har vi så smått byrja å sveitte, og egga er daude. På jobb er vi dei kloke og litt strenge som nybyrjarane spør om råd viss dei tør, og dei blir veldig glade når dei oppdagar at vi eigentleg er ganske snille og kan ting nybyrjarane ikkje har lært enno.

Hurra for kjerringane!

This entry was posted in: Humor, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Sit her og humrar – glad for at det finst kjerringar – det trengs signal attende når ein opplever det som om verda ikkje tek omsyn.
    Nemde følgande hending som rampete – kunne nytta eit anna ord, kanskje…
    Førre måndag tok eg taxi frå busstasjonen til sjukehotellet – ei stasjonsvogn.
    Vel framkomne opna taxisjåføren bakluka frå førarsetet og sa den let seg att automatisk, utan å spørje om eg trong hjelp.
    Eg sa blidt takk for servicen, henta baggasjen og let bakdøra eg gjekk ut frå stå open.
    Vel inne i hotellet såg eg sjåføren gå ut og late igjen døra.
    Eg frydar meg framleis.
    Ynskjer deg iallefall ei go helg!

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s