Denne gryta vart så god at den vart eten opp før eg rakk å ta bilde av den. Men det går vel bra?
Eg lagde denne kreolske auberginkompotten på søndag. Den vart det naturleg nok litt restar att etter, ein heil del, faktisk. Eg gjorde den om til ei smakfull og hot seigryte, som eg fekk skryt for rundt bordet. Slik gjorde eg det:
Hot seigryte
4 dl kreolsk auberginkompott eller ratatouille
500 g sei
2 dl kremfløte
Salt og peppar
Kok opp auberginkompotten. Ha i fløte, og rør godt. Smak til med salt og peppar.
Fjern beinrada i seien. Del seien i passe store bitar, og legg dei i gryta. La gryta trekke i fem minutt, til seien er ferdig. Server med byggrissalat.
Byggrissalat
200 g byggris
4 dl buljong, eg brukte flytande fond
2 ts sitronsaft
1 paprika
1/2 purre
2 stilkar stangselleri
Rens grønsakene, og finhakk dei. Kok byggrisen i buljong i 10-15 minutt, til den er mør. Vend inn grønsakene, og la det trekke i eitt par minutt.
Eg las overskrifta litt fort som “Hot seig-ryte”. Kan det vere noko godt tenkte eg. men ser bra ut altså, ved nærare lesing 🙂