Billig mat, Fest, Middag, Tilbehør
Comments 2

Balansekunst

Å lage mat handlar om å balansere mellom søtt og salt, sterkt og mildt, surt og bittert. Dei beste måltida får ein når balansen mellom smakselementa er rett.

I dag lagde eg nokre gode kyllingburgerar av kyllingkjøtdeig. Dei krydra eg ganske mildt, og serverte med rømme og heimebakte hamburgerbrød. Men til slik mild mat er det godt med noko ”hot” for å balansere det milde.

Det ”hotte” eg lagde var ein kreolsk auberginekompott. Oppskrifta liknar på fransk ratatouille og italiensk capunata, men er krydra sterkare. Du kan godt lage denne på førehand, og den kan serverast varm, lun eller avkjølt. For oss vaksne er denne kompotten ei fasjonabel erstatning for ketchup på burgeren. Slik gjorde eg det:

Kreolsk auberginekompott

1 stor løk

3 fedd kvitløk

2 auberginar

1 grøn paprika

1 raud paprika

To boksar tomatar

2 ts paprikapulver

1 ts timian

¼ ts kajennepeppar

1 ts spisskummen

Salt og peppar

1 ss brunt sukker

Olje til steiking

Rens og finhakk løk og kvitløk. Skjer auberginane i skiver, og strø salt mellom. La dei stå stabla og renne av. Press ut overflødig væske ved å legge auberginstabelen i eit papirhandkle, og presse litt.

Rens paprikaene, og del dei i passe store bitar. Varm opp olje i ei gryte, og la løk og kvitløk frese til det byrjar å skifte farge. Kutt auberginen i terningar, og steik den i same gryta. Ha i paprikabitane til slutt, og la dei surre litt. Slå på tomatar, og ha i paprikakrydder, timian, kajenne, spisskummen og brunt sukker. La det heile koke i 10-15 minutt. Smak til med salt og peppar, og server som tilbehør til kyllingburger.

Kyllingburgerar

800 g kyllingkjøtdeig

2 strøkne ts salt

½ ts nymalt peppar

1 ss finhakka timian

2 ts finhakka persille

2 egg

2 ss strøkavring

Olje/smør til steiking

Ha kjøtdeigen i ein bolle, og ha i saltet. Elt deigen seig med dette før du har i dei andre ingrediensane. Form farsen til karbonader, og steik dei i ei blanding av smør og olje til dei er pent brune og gjennomsteikte.

Hamburgerbrød

Pitabrød til åtte

500 g mjøl

Ein halv pakke gjær

1 ss olje

3,5 dl lunkent vatn

1 ts salt

2 ss sesamfrø eller valmuefrø

Egg til pensling

Ha lunkent vatn i ein bolle, og løys opp gjæra i vatnet. Ha i olje og salt, og elt inn mjølet litt og litt. Kanskje brukar du alt mjølet og treng litt meir, kanskje er 500 g for mykje. Prøv deg fram til du får ein passe fast deig, ikkje for blaut og ikkje for fast. Elt deigen i fem minutt.

Set omnen på 220 grader. La deigen kvile eit kvarters tid før du kjevlar den ut til ein 2 cm tjukk runding. Stikk ut rundingar med eit stort glas, og  legg dei på ei bakeplate som du har strødd med mjøl. Pensle med egg, og strø på frø. La brøda heve i 30 minutt. Set dei i omnen, og steik dei på 220 grader i 12 minutt. La dei kolne på ei rist med eit handkle over, så dei ikkje vert altfor harde.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Pingback: Hot seigryte « Alt godt

  2. Pingback: På burgerkurs! | Alt godt

Leave a Reply