Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Karamellbrødhapåpudding

Dei som har lest oppskriftene mine ei stund veit at eg av og til finn på ganske vanvittige ting. I dag er “greia” ein brødpudding med karamellsmak.

Brødpudding er ein klassisk måte å få brukt opp gamalt brød på, men i dag hadde eg nokre tørre bollar eg ville bli kvitt. Dei fekk gå ut av verda på det stiligaste vis, i denne karamellbrødpuddingen. Du kan godt lage den med loff eller kneippbrød og, då bør du kanskje ha i litt meir sukker.

 Hapåen eg smører på bolleskivene gjev ein nydeleg karamellsmak på det heile, og særleg skorpa på toppen er utruleg god, smurt med ripsgelé som den er. Ripsgeléen kan sløyfast, men gjev ei flott, blank overflate, og ikkje minst litt syrleg smak, som balanserer alt det søte. Du kan også bytte den ut med eplegelé. Slik gjorde eg det:

 Karamellbrødpudding

 5 dl mjølk

3 dl fløte

3 egg

6-8 kveitebollar

50 g brunt sukker

50 g smør

Eit glas Hapå

Rosiner

1 dl ripsgelé eller eplegelé

 Set omnen på 180 grader.

Smør forma godt med smør. Knekk egga i ein bolle. Ha i mjølk, fløte og brunt sukker, og bland godt. Skjer bollane i skiver horisontalt, og smør på først litt smør og så godt med hapå på kvar skive.

 Legg bolleskivene i forma, og dryss på rosiner. La det øverste laget vere berre bolleskiver, rosinene vert lett brent i steikeomnen. Slå på eggeblandinga. Bruk ein steikespade, og dytt bolleskivene litt ned i eggeblandinga, slik at dei trekker væta godt til seg. Set forma i steikeomnen, og la puddingen bake i 40-45 minutt. Ta den ut, og la den kolne nokre minutt.

Smelt ripsgeléen forsiktig i ei gryte med ei skei vatn, eller gjer som meg, og bruk eit glas ripsgelé som aldri vart stivt. Pensle den over puddingen, gjerne fleire gongar, til all geléen er oppbrukt.

Server med ein klatt piska krem.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply