Livet
Comments 4

Røyklagt


I går kveld vart vi fullstendig røyklagt der vi sat og kosa oss i skinet av stearinlys.

Her vi bur er det ein gamal kokskamin som syter for varme utanom straum og stearinlys. Den gjer stort sett ein grei jobb, sjølv om den er så liten at den krev stutt ved. Byved kallar dei det, folka som kjem hit med femten sekkar bjørkeved kvar haust, den er berre 20 cm lang.

Men i går var det altså kombinasjonen av døyande eld og ein heidundrande vind ute som gjorde at det slo ned noko voldsomt. Det var verre enn på julemarknaden til Steinerskulen. Å lufte var håplaust, då fekk vi inn røyken frå alle dei rundt oss og.

Likevel er vi blant dei heldige som faktisk kan fyre i indre by. Brannvesenet har vore ute på inspeksjon i svært mange gårdar som er bygd mellom 1890 og 1920 dei siste månadane, og mange har blitt pålagt fyringsforbod. På andre sida av trappa hos oss er det fyringsforbod, men heldigvis ikkje i vårt pipeløp.

Denne prosessen går i to faser, først kjem brannvesenet og sjekkar for dei heilt openberre sprekkene og skadane i pipene. Deretter vert vi pålagt å ha ein videoinspeksjon utført av eit uavhengig firma, og då er ein garantert pålegg om rehabilitering, og fyringsforbod fram til rehabiliteringa er gjennomført.

Styret her i gården er smarte, og har bestilt videoinspeksjon i april. Problemet er nemleg å finne eit firma som kan rehabilitere, og det er ikkje lett, når alle dei gamle sentrale bygårdane innanfor ring 3 skal gjere dette samstundes. Så vi har vinteren på oss til å få tak i eit firma som kan gjere jobben.

Då må vi ut og finne ein ny omn, for kaminen vi har er nok ikkje brukande lenger. Vi får berre byrje å spare. Det blir spennande, det finst mange fine modellar og gode løysingar. Så vonaleg vert det endå varmare hos oss neste vinter, og mindre røyk inn.

This entry was posted in: Livet

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Elisabeth says

    Ein vedovn med kokeplate er tingen! Supert når ein skal lage pinnekjøt i stor gryte og komfyren blir litt liten..

    Likar

  2. HildeSofie says

    Åhh, vedovn er fantastisk! Vi fikk omsider installert vedovn i det lille huset vårt for en måned siden, etter å ha bodd her et år. De gamle eierne hadde planer om å sette inn ovn, men rakk det ikke før de skilte lag og måtte selge.

    Men nå er vi klare for vinteren, både den lille Jøtul peisovnen og vi! 🙂

    Likar

  3. Jeg elsker vedovnen vår, og tenker hver jul, at skulle strømmen gå så kan vi sette gryta på kokeplata på toppen. Det er toppers 😀

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s