Ein kan grovt sett dele folk i to kategoriar no; dei som har det nokolunde som før inntektsmessig, fordi ein har fast jobb, ein kan ha heimekontor og inntekta er stabil med eller utan corona, og dei som ikkje har det slik. Frilansarar og permitterte har det tøft, sjølv om regjeringa har lova alt alt skal dekkast så tek det tid før alt er på plass. Denne artikkelen er til den første kategorien, altså vi som mottek inntekta vår som før.
Akkurat no er vi i ein veldig spesiell situasjon, vi skal vere mest mogeleg inne, restaurantar og utestader er stengt, vi drar ikkje ut anna enn for å handle nødvendige ting. Kanskje bur du slik til at du kan bruke kolonial.no, ulike matkasser eller liknande. Med andre ord: forbruket vårt går ned. Og korleis er det då smart å bruke pengane sine?
Dei som har det trangt økonomisk har det kanskje endå trangare no enn før. Butikkane blir utselde for enkelte varer. Når du går i butikken: Kan du la vere å velge dei billigaste produkta? Kan du la First Price, Coop Xtra og andre rimelege produkt ligge igjen til dei som verkeleg treng dei? Kanskje du bør kjøpe dei økologiske, slik at dei bøndene som leverer slikt faktisk overlever?
Kan du velge ein ost eller ein type kvalitetspølser frå ein småprodusent, noko frå spesialsortimentet, der det finst, og la den rimelege norvegiaen og grillpølsene ligge? Kanskje du skal grave litt nedi sortimentet i butikkane, framfor å velge frå topp tjue? Og viss du er i ein fysisk butikk, og det er noko du uansett skal bruke i dag eller i morgon: Kanskje du kan hjelpe butikken med å unngå matsvinn ved å velge ei vare som er satt ned til halv pris pga datoen?
Og når det gjeld nettbutikkar: Sjekk ut dei mindre, dei norske og dei som har spesialisert seg på si nisje. Dei har det tøft no, men viss du støttar dei så er det von for dei. Viss nokon i din krins treng ei gåve så kan du finne den i ein slik butikk, og få det levert på døra til mottakaren. Blomar kan du også få levert, ingenting lyser dagen opp meir enn det, når livet er litt tungt.
Eg trur at viss vi som kan styrer vår etterspørsel mot dei varene som kostar litt ekstra, og mot dei butikkane som verkeleg treng det, så fordelar etterspørselen seg betre, og det blir varer att for dei som verkeleg må snu på kvar krone, og endå meir no enn før. Tenk litt på det, og sjå om du kan vere med på å påvirke etterspørselen i butikken med kva du kjøper og kvar du legg att pengane dine.