Livet, Lykke
Leave a Comment

Vårdugnad

Dugnad, dette særnorske ordet er noko av det vi nordmenn er stolte av.

Vi møter opp, kvar med ulik evne og vilje til å bidra, og gjer vårt beste for å halde orden, reparere eller å lage nytt. Nokre gongar gjer vi slik vi alltid har gjort andre gongar tenker vi ut gode løysingar på felles utfordringar.

Reiskapane vi brukar er såpevatn, malekost og white spirit til hagemøblane, trykkluftspylar til steinhellene og rein handemakt for å bere rot og rusk ned frå loft og opp frå kjellar.

Ting som er forlatt stiller vi ved sidan av containeren, kva om dei kan kome til nytte? Eit rundt trebord får nye eigarar, ein jentesykkel likeså. Med nye slangar i dekka, litt smøreolje og generelt stell er den god som (nesten) ny. Ivar-hyller vert gitt bort over ein låg sko, kjekt å ha i boda.

Eg likar dugnad. Min jobb, i tillegg til å stelle i hagen, er å servere pølser og forfriskningar til alle som vil ha. Klokka halv to er pølsegryta ferdig, og då har eg lang kø ved serveringsbordet av svoltne arbeidarar. Barna står fremst, og dei vil blande cola, solo og urge til ei underleg lysebrun gugge. Dei vaksne er litt meir tilbakehaldne, spør om dei kan få ei pølse til og tek seg ein fortent pils eller eit glas brus.

Nye naboar helsar på gamle, vi utvekslar siste rundar med sladder eller informasjon om ein vil, og nye verdsborgarar som har komt til i løpet av vinteren vert ynskte velkomne. Ungane elskar dugnad, dei syns at det at alle dei vaksne er ute på same tid er kjempegøy.

Å ha ein dugnad er fint for å få ting gjort, men eigentleg er det viktigast for at vi skal bli kjent med kvarandre, gjere noko i lag og styrke samhaldet i gården. Ikkje alle har stor familie, men å kjenne at ein er del av eit sosialt fellesskap er godt for mennesket. Det gjer ein på dugnad. Fine greier. 🙂

Har du ei dugnadoppleving å dele?

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply