Billig mat, Italiensk mat, Mat, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Det gode attåt – risotto med kantarellar

Det er rart med det, å finne ut kva proteinar ein skal ha til middag klarer ein alltids. Utfordringa er å finne noko godt å ha ved sidan av. I dag kjem eg med  tilbehørstips som du kan bruke til mange ulike middagar, som til dømes steikt laks, ein saftig biff eller kyllingfilet.

I dag henta eg utgangspunktet for middagen i skogen. På ein fin tur i nordmarka fann eg ekte kantarellar, men du kan også lage dette med traktkantarellar, eller med sjampinjong frå butikken. Berre styr unna hermetisk sjampinjong, det har eigentleg ingenting med mat å gjere, spør du meg.

Eg har laga ein saftig risotto med kantarellane, og det er perfekt når ein ikkje finn så frykteleg masse sopp. I denne retten brukte eg ca. 200 gram, det vart nok til tre vaksne. Ein risotto skal alltid ha base i finhakka løk, arborioris, kvitvin og kraft. I tillegg kan du tilsette erter, paprika og andre grønsaker som held seg godt under oppvarming. Lettkokte grønsaker bør tilsettast mot slutten av koketida.

Å lage risotto går ut på å koke ris ved å røre inn væske litt og litt, slik at risen vert mør og trekker til seg smak frå væska du brukar. Risottoris tek opp meir væske enn vanleg ris, og korna har mykje limstoff eller stivelse i seg, så væska er med på å lage ein slags saus rundt risen. Det gjer risottoen saftig og smaksrik. Slik gjer du det:

IMG_5963Risotto med kantarellar

Ein sjalottlauk

200 g sopp

Smør til steiking

300 g arborioris

1 dl kvitvin

1,2 liter vatn

2 ss flytande fond eller to buljongterningar

Salt og peppar

100 g riven parmesan

Finhakk sopp og løk. Smelt smøret i ei vid steikepanne, og ha i sopp og løk. La det frese til soppen har fått farge og løken har blitt blank. Ha i risen, og vend den rundt i smøret, soppen og løken. Slå på vin, og la det koke inn. Bland vatn og buljong/fond. Slå på væska litt og litt, la det koke inn før du tar i meir væske. Hald fram til all væska er brukt opp, og risen er mør. Smak til med salt og peppar. Rør inn parmesan rett før servering.

Leave a Reply