All posts tagged: risotto

Bakt risotto

No på vinteren treng vi mettande og smakfull mat, iallfall viss vi har hatt ein utedag med leik og moro. Og kva skaper ein smakfull rett? For meg er det å bruke noko søtt, syrleg, noko salt og noko feitt. Fordelen med smakane er at dei også løfter fram smaken i råvarene vi brukar, og begge desse tilbehøra kan brukast til både kjøt, fisk eller vegetarrettar.  Risotto er ein klassikar, du fresar løk og ris i smør, før du slår på kvitvin eller eplejuice eller litt vatn og kvitvinseddik, og så sper du i kraft til den er ferdig. Det er ekte vintermat, og kan varierast i det uendelege. Pass på at du har risottoris, altså det italienarane kallar arborioris i huset til ei kvar tid. Då kan du alltid lage middag på 20 minutt, det skal veldig lite ekstra til for at det blir snyta godt. Arboriorisen har mykje stivelse i seg, og det gjer at risottoen blir krema og mjuk, ikkje tørr og laus som vanleg basmati eller jasminris.  I dag har eg …

Kantarellrisotto

No er skogen full av sopp, og du har flotte opplevingar i vente når du veit kva som kan plukkast og kva du bør gå i frå. Hovudregelen når ein plukkar sopp er enkel: Plukk berre sopp du er heilt trygg på er spiseleg. Dei første gongane bør du gå saman med nokon som kan sopp, og finn du ei lokal nyttevekstforening er det å melde seg på eit kurs eller organiserte turar ein god idé. Nokre soppar er veldig enkle å artsbestemme. Eg byrja med traktkantarell, og gjekk vidare til gul kantarell, piggsoppar og steinsopp. Etter kvart kan ein utvide repertoaret, alt etter kva som er lett å finne i ditt område. Ei låg, vid korg er fin å plukke i, og eg har ofte med meg små plastboksar som står i korga for å skilje ulike typar frå kvarandre. Men det går fint å berre plukke i ein isboks og. Ha med ein liten, skarp kniv, noko å tørke med og gjerne ein liten bakepensel eller liknande for å rense undervegs. Det er …

Det gode attåt – risotto med kantarellar

Det er rart med det, å finne ut kva proteinar ein skal ha til middag klarer ein alltids. Utfordringa er å finne noko godt å ha ved sidan av. I dag kjem eg med  tilbehørstips som du kan bruke til mange ulike middagar, som til dømes steikt laks, ein saftig biff eller kyllingfilet. I dag henta eg utgangspunktet for middagen i skogen. På ein fin tur i nordmarka fann eg ekte kantarellar, men du kan også lage dette med traktkantarellar, eller med sjampinjong frå butikken. Berre styr unna hermetisk sjampinjong, det har eigentleg ingenting med mat å gjere, spør du meg. Eg har laga ein saftig risotto med kantarellane, og det er perfekt når ein ikkje finn så frykteleg masse sopp. I denne retten brukte eg ca. 200 gram, det vart nok til tre vaksne. Ein risotto skal alltid ha base i finhakka løk, arborioris, kvitvin og kraft. I tillegg kan du tilsette erter, paprika og andre grønsaker som held seg godt under oppvarming. Lettkokte grønsaker bør tilsettast mot slutten av koketida. Å lage risotto …

Laks med asparges- og vårløksrisotto

Risotto er ein av mine favorittrettar, og eg har laga mange ulike variantar. I dag har eg laga ein med asparges og vårløk. Til risottoen serverer eg smørsteikt laks, det er både godt og raskt å lage. Til å lage denne retten brukte eg salmalaks, for det er enkelt og går fort. Men finn du fersk og fin heil fisk eller filetsider så bruk like gjerne det. Pass på å krydre fisken godt med salt og peppar, smaklaus fisk er kjedeleg. Når du lagar dette er det smart å byrje med risottoen, for det tek lengst tid. Eg brukar soppmjøl, det er tørka traktkantarellar frå i fjor som eg har knust til mjøl. Har du ikkje det kan du i staden bruke ein eller annan soppvariant som du finn i butikken eller skogen, og smørsteike den saman med løk i risottoen. Denne risottoporsjonen er nok til fem-seks personar. Slik gjer du det: Asparges- og vårløkrisotto 5 dl arborioris 15 dl kyllingbuljong Ein liten løk 2 ss smør 1 dl kvitvin Ein bunt asparges to stilkar …