Risotto er ein av mine favorittrettar, og eg har laga mange ulike variantar. I dag har eg laga ein med asparges og vårløk. Til risottoen serverer eg smørsteikt laks, det er både godt og raskt å lage.
Til å lage denne retten brukte eg salmalaks, for det er enkelt og går fort. Men finn du fersk og fin heil fisk eller filetsider så bruk like gjerne det. Pass på å krydre fisken godt med salt og peppar, smaklaus fisk er kjedeleg.
Når du lagar dette er det smart å byrje med risottoen, for det tek lengst tid. Eg brukar soppmjøl, det er tørka traktkantarellar frå i fjor som eg har knust til mjøl. Har du ikkje det kan du i staden bruke ein eller annan soppvariant som du finn i butikken eller skogen, og smørsteike den saman med løk i risottoen. Denne risottoporsjonen er nok til fem-seks personar. Slik gjer du det:
5 dl arborioris
15 dl kyllingbuljong
Ein liten løk
2 ss smør
1 dl kvitvin
Ein bunt asparges
to stilkar vårløk
2 ts soppmjøl
Riven pecorino eller parmesan
Finhakk løken. Smelt smøret ei låg, vid panne på middels høg varme. Ha i løken, og la den surre seg blank. Ha i risen og soppmjølet, slå på vinen og la den koke inn. Slå på litt og litt kraft, og la den koke inn mellom kvar skvett.
Snitt aspargesane på langs, og del i passe store bitar. Snitt vårløken skrått. Når risen er “al dente” (med ørlite tyggemotstand) har du i asparges og vårløk, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med salmalaks.
Smørsteikt laks
150 g laks per person
Smør til steiking
Salt og peppar
Sitronsaft
Del fisken i porsjonsstykke, dryss på salt og peppar.
Smelt smøret i steikepanna, og legg i laksen når det har slutta å frese. Steik laksen i to minutt på kvar side. Den skal framleis vere litt saftig og mjuk i midten. Legg laksen på eit fat, og press over sitronsaft. Du kan også legge laksen rett oppå risottoen, slik eg gjorde det. Enkelt og greitt, og mindre oppvask!