No finn du graskar i butikkane, sjå om du finn dei flotte, kremgule flaskegraskara. Dei er lette å bruke i mat, i dag har eg bakt dei i tynne skiver med salvie, smør og brunt sukker. Graskar har så lite eigensmak at den lett tek opp i seg den smaken du tillagar den med. Denne retten kan du også lage med søtpotet eller andre typar graskar. Slik gjer du det:
Eit flaskegraskar
1 ss brunt sukker
1,5 ts salt
Tre-fire drag med pepparkvern
4-5 salvieblad
2 ss smør
Sett steikeovnen på 180 grader med varmluft.
Skrell flaskegraskaret, og del det i tynne skiver. Finhakk salvie, og legg det i ei eldfast form. Legg skivene i forma. Smelt smøret, og pensle skivene med det. Dryss på sukker, salt og peppar. Bak graskaret i omnen på 180 grader i ein time.
Til sist serverer eg smørsteikt squash. Det er så enkelt å lage, og knallgodt. Squash er lett å få tak i året rundt, og kombinasjonen med smør, salt og sitron er perfekt. Slik gjer du det:
Smørsteikt squash
Ein squash
3-4 ss smør
salt og peppar
Safta av ein lime
Skjer squashen i skiver litt tynnare enn ein cm. Smelt smøret i ei steikepanne på relativt høg varme, og legg i squashen. Snu den når den har blitt lett solbrun, og dryss på salt og peppar. Når skivene er gylne og fine kan du legge dei på eit fat. Press over safta av ein lime, og server.