Billig mat, Kaker, Noko søtt, Veggis
Comments 9

Bedehus under og disco på toppen


Kaka eg lagde her om dagen er ei tradisjonell krydderkake med korintar, der eg kjem frå kallast den bedehuskake.

Eg trur oppskrifta kjem frå bestemor mi, og eg huskar ho lagde den med tyttebær i og. Ho dreiv med koppemål og brukte ein bestemt kopp som eg ikkje har arva, så eg har rekna om måla til det metriske systemet.

Kaka egnar seg veldig godt til å dele med mange, og den smakar nydeleg med eit stort glas mjølk til. Den er lagd med relativt lite sukker, så den held seg ikkje kjempelenge. Men det gjer ingenting, den vert oppeten med ein gong likevel.

Huskar du denne oppskrifta? Der brukte eg zurenbessen, tørka bær av berberis som eg fann i ein innvandrarbutikk. Då eg lagde kaka no sist hadde eg i halvparten korintar og halvparten zurenbessen. Det vart kjempegodt! Det var deilig med dei små syrlege smakseksplosjonane innimellom det søte og krydra.

Det som gjorde kaka til ei discokake til slutt var ein søt osteglasur med rosa og lilla strøssel på. Slik gjorde eg det:

Bedehuskake

150 g smør

275 g brunt sukker

3 egg

6,5 dl surmjølk

2 ts kanel

1 ts nellik

2 ts kardemomme

3 ts natron

575 g mjøl

3 dl korintar eller halvparten zurenbessen viss du har

Glasur:

200 g kremost

400 g melis

3 ss sitronsaft

Sett steikeomnen på 200 grader. Smelt smøret i ei gryte, og ha i sukkeret. Det treng ikkje koke opp, men byrje å smelte. La det kolne litt. Pisk saman egga og surmjølka i ein stor bolle.

Bland saman alt det turre. Vend smørblandinga og mjølblandinga vekselsvis inn i surmjølkblandinga. Rør til det er klumpfritt.

Legg bakepapir i ei langpanne, og hell i røra. Dra røra utover mot sidene, den hevar seg veldig på midten. Steik kaka på 200 grader i ca. 35 minutt, sjekk med ein spagettipinne om den er ferdig. Rør saman glasuren, og brei den ut over kaka når den er kolna. Server til verdig trengande.

9 Comments

  1. Og jeg som trodde det handla om hus! 😀
    Kaka ser god ut, men ikke for vår husholdning, vi prøver holde oss unna animalsk fett og herda vegetabilsk. Kan jeg utfordre deg til kakeoppskrifter uten smør og/eller fløte?

    Likar

  2. Du kan jo eksperimentere med å bytte ut smør med olje slik ein gjer i gulrotkake. Då bør du ha i litt salt, elles burde oppskrifta vere lik. Viss du prøver, meld tilbake!

    Likar

  3. hildeG says

    Ser ut som en god kaka til f.eks å ta med når det er min tur med kake på korøvelse. Men det går vel greit å droppe korinter og osteglasur for oss som ikke er noe glad i det? Men de bærene høres spennende ut. Tyttebær hadde sikkert også vært noe..
    Det er vel såpass mye smak i denne kaka at den kan klare seg fint uten glasur i det hele tatt?

    Likar

  4. HildeG: Den er perfekt til slikt. Dette er ei «matkake» som ikkje er for søt, så den er fin å spise utan glasur og, med ein kopp te eller eit glas mjølk.

    Likar

  5. Eg trudde berberis var giftig?

    Elles er eg samd i at ein stort sett kan bytte ut smør med mjølkefritt margarin (nokre gonger olje) i bakverk og kaker. Men kaker som henter mykje av smaken frå surmjølk blir veldig annleis om ein skal erstatte emd vatn/rismjølk/havremjølk, også sjølv om ein legg til syre (som sitron/lime/edikk).

    Likar

  6. For en HERLIG blogg! Jeg vet jeg har vært her før, og er glad jeg fant tilbake igjen pga koselig kommentar på bloggen min. Takk for stemme!

    Likar

  7. Avil: Ja, og dessutan vil ikkje natronen virke, den må ha surmjølk for å heve. Så å lage denne kaka mjølkefri trur eg blir vanskeleg. Då må ein nok byrje heilt på nytt med oppskrifta. Denne berberisen er tydelegvis ikkje giftig, eg har googla og holdt på basert på informasjonen på posen frå tyrkarane, og det virkar heilt safe. (Og vi lever. ;-))

    Hanne: Takk for skryt! Det går begge vegar! 🙂

    Likar

  8. Ordet «bedehuskake» får meg til å huske lyden fra det åpne vinuet på bedehuset for lenge siden. Det kom vitnesbyrd ut i sommerkvelden mens vi sprang rundt og gjorde jævelskap. De sang og spilte trampeorgel til. Kanskje de spiste kake mellom syndsbekjennelsene.

    Likar

  9. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s