Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Italiensk «ballj»


I dag har eg lagd det som i det italienske kjøkkenet kjem nærast opptil den sunnmørske ballen; gnocchi. Så vidt eg har klart å bringe på det reine uttalar ein dette ordet njåkki. Eg lærte på den harde måten at ein ikkje uttalar det njokkji. Då eg sa det til ein italiensk kelner som kom med steikt fisk til meg, han kom med endå ein porsjon med steikt fisk…

IMG_7515Gnocchi er eit tilbehør som kan brukast ved sidan av kjøttrettar, ein tradisjonell bolognesesaus eller pesto. Den vert laga av ei blanding av kokte, moste poteter og ei overraskande stor mengde mjøl.

Eg salta litt (ikkje alle oppskrifter har med salt i sjølve deigen) og litt parmesanost. Dette er ein stor porsjon, men gnocchi er billig å lage, og når du først gjer det kan du like gjerne lage ein stor porsjon og fryse ned halvparten.

Som med ballj er gnocchi best med gamlepoteter. Dei har mykje tørrstoff, og bitt saman desse potetdingsane på ein god måte. Nypoteter har for mykje væte i seg, og vert seige og rare. Eg brukte det tradisjonelle italienske mjølet, tipo fino. Det har ei mykje finare utmalingsgrad enn det norske. Det gjev mindre fiber, men ei fantastisk evne til å bitte væte, som i gnocchideig, i fersk pasta eller i bakverk.Slik gjorde eg det:

IMG_7512

Gnocchi

1 kg gamlepoteter, eg fann beate

220 g mjøl, gjerne tipo fino

1 ss salt

1 egg

50 g riven parmesan (kan droppast eller utsetjast)

Kok potetene, og la dei kolne. Skrell dei og press dei gjennom ei potetpresse eller mos dei med ein potetmosar. Bland saman mjøl, potetmos, egg, parmesan og salt til ein jamn deig.

IMG_7514Trill deigen ut i lange pølser, tjukke som ein dametommel. Kutt gnocchiane ein centimeter breie, og trykk dei litt med ein gaffel dyppa i mjøl. Kok dei i godt salta vatn i 2-3 minutt til dei flyt opp. Fisk dei opp med ein fiskespade, og legg dei på eit vidt fat.

Eg planlegg å steike mine gnocchiar i smør med urter og asparges, men det skal eg gjere i ettermiddag, så i kveld får du kanskje bilde av det.

5 Comments

  1. Britt Åse says

    Jeg forsøkte både med bacon (pancetta, lissom) og smør/salvie. Sistnevnte falt ubetinget best i smak. Nydelig, var det 🙂

    Bon – eller buon – eller noe sånt – appetito 😆

    Likar

  2. Oj, dette så godt ut. Har lenge harr lyst til å prøve lage gnocci, takk for oppskrift! Hva slags mel er tipo fino egentlig?

    Likar

  3. Tipo fino er eit kveitemjøl som har ekstra fin utmalingsgrad, altså mindre fiber enn vanleg norsk kveitemjøl. Fiberet reduserer bakeevna til mjølet, så mjøl med fin utmalingsgrad hevar betre enn vanleg norsk mjøl, og du kan bake med mindre væte.

    Likar

  4. Christine says

    Namme nam. Nypoteter er forøvrig oppskrytt generelt. Alt for vassne til det meste….

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s