Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Deilig nykål

No har nykålen komt!

kålhaudSaftig, sprø og fin ligg den i grønsaksdisken og ventar på å få bli med heim. Den passar til det meste, men alle tradisjonelle rettar med kokte poteter med saus vert betre med fersk nykål som så vidt har hatt ein liten tur i kokande saltvatn.

skalkarEg skar kålhaudet (ja, eg veit det heiter hovudet, men vi seier ikkje det…) i fire, og dampa det i to-tre minutt i godt salta vatn. To barneskeier salt til 7-8 dl vatn blir passe syns eg. Ein sprut sitronsaft i vatnet gir god smak. 

La kålhaudet renne godt av, det er utruleg kor mykje vatn som gøymer seg inne i ein slik skalle.

med sausSå lagde eg ein deilig sommarsaus, og serverte med noko så enkelt som steikte fiskekaker og nypoteter frå syden. 

Dette er sommarsmak for meg, sjølv om eg måtte ta på meg sokkar i ettermiddag, så kaldt var det. No må det bli sommar snart, ikkje berre kalendersommar!

 

1 Comment

  1. potentilla says

    Sommerkålen er en favoritt her også. Slenger den i mikroen med litt vann, salt og en raus smørklatt. Blir så god så 🙂

Leave a Reply