Eg må nok innrømme at hagen min har eit visst preg av kaos. Fargane passar ganske godt saman, men eg har ikkje hatt tilstrekkeleg oversikt over kva form plantane får når dei er store, så dei står plassert litt hulter til bulter.
Fargeskalaen er frå kvitt til mørk lilla, her ser du ein vakker geranium, grasløkblomar og salvie som får ein nydeleg lillafarge.
Kaotisk men fint, syns eg.
Vekas nyvinning er denne lukestaken, eller kva den heiter. Med den kan eg luke innimellom plantane sjølv langt inni bedet, og det trengst, for vassarven lever herrens glade dagar blant dei andre plantane mine.
Den kjem frå Osloområdets beste rosebutikk, Hesleberg på Vollen i Asker. Der har dei flotte reiskapar, i tillegg til masse nydelege roser i topp stand. Godt humør har han og, han som driv det. I fjor kjøpte eg meg ein skikkeleg solid plantespade, og i år vart det altså lukestaken.
For folk som er dårlege til å ligge på kne i beda må denne vere heilt perfekt, kan eg tenke meg. Og så funkar det altså for dei som har det som meg, at beda er for djupe til å kome til på nokon fornuftig måte. Smart!
På bildet ser du mest grønt, men snart blomstrar rosene og blomsterertene og det blir kjempefint!