Allergi, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Leave a Comment

Eit gresk festbord

 

Hellas har blitt eit populært reisemål, og mange har med gode matminne derfrå i tillegg til brunfarge og saltvatn i håret.

 Eg er veldig glad i gresk mat, og lagar det ofte når eg skal ha mange til bords. Det er mat som det er lett å førebu på førehand, og alle finn noko dei likar på eit gresk matbord.

Middelhavslanda har langt på veg ein felles matkultur, sjølv om det finst nasjonale særeigne rettar. Mange rettar finst i ulike land i ulike versjonar, som moussaka, som på mange måtar er den greske versjonen av lasagne. Dei grønsakene som trivest rundt Middelhavet er ein naturleg del av matkulturen, og blir lagd med lokale variasjonar heile vegen rundt frå Spania til Marokko.

souvlakiI dag får du servert ein hovudrett og eit tilbehør. Hovudretten er dei greske grillspyda, souvlaki. Souvlaki kan lagast med heile kjøtstykke, og med male kjøt, slik eg gjer i dag. Souvlaki liknar på den tyrkiske kebaben, nattmaten som alle oslobuarar et på veg heim frå fest. I Hellas får du dei med lammekjøt, eg likar å lage dei med halvparten lam og halvparten okse blanda. Sauesmaken kan bli litt ram viss spyda er lagde på reint sauekjøt. Har dei ikkje lammekjøtdeig i butikken der du handlar, så kan du gå til ein slaktar, dei ordnar slikt på null komma svisj.

Eg brukar som regel bambuspinnar når eg lagar grillspyd, og slit med det at dei tek fyr på grillen. Eg har lagt dei i vatn først, men likevel er det fare for at dei brenn opp, særleg viss eg skal lage mange. Sist eg lagde souvlaki til mange gjorde eg noko lurt; eg lagde kjøtpølsene (for det er jo det det er…) først, surra bacon rundt og steikte dei i panne, og like før eg satte dei på bordet tredde eg dei på pinnar! Var ikkje det smart så veit ikkje eg. Ikkje så veldig autentisk, men veldig praktisk når ein skal handtere 25 grillspyd. Eg surra kvart spyd inn i bacon fordi eg syns det er godt, men det kan du droppe viss du vil. Dette er ein stor porsjon, som gir ca. 20 spyd. Slik gjorde eg det:

pølserSouvlaki

½ kg kjøtdeig

½ kjøtdeig av lam

1 ts tørka oregano

1 ts tørka koriander

1 ts tørka allehånde

2 dl strøkavring

2 ts salt

½ ts peppar

2 egg

3 fedd kvitløk

1,d dl vatn eller mjølk

ca. 20 skiver bacon

Bland  alt til deigen. Form deigen som pølser. Lind pølsene inn i baconskiver. Steik dei i olje i steikepanne på god varme i 8-10 minutt medan du snur dei med jamne mellomrom. Skal dei serverast med ein gong, så tre dei på spyd og legg dei på fat. Viss ikkje kan du kjøle dei, og varme dei fort før servering, og så tre dei på spyd.

Til souvlaki kan du til dømes servere ein variant av den klassiske greske salaten. Denne inneheld tomat, løk, fetaost og oliven akkurat som den klassiske, men det er putta oppi litt forskjellig anna, og i tillegg får den to turar i omnen. Slik gjer du det:

bakt salat 1Bakt gresk salat

2 squash

1 store auberginar

2 stk raudløk

2 stk raude paprika

6 ss olivenolje

2 kvistar timian

500 g tomatar

200 g fetaost

1 boks knuste, hermetiske tomatar

60 g kalamataoliven

1 dl raudvinseddik

2 ts honning

salt og peppar

TomatSett omnen på 200 C. Skjer auberginen i skiver, og strø salt imellom skivene. La saltet trekke ut væta eit kvarters tid før du tørkar skivene. Ha oljen i ei skål, og vend aubergin- og squashskivene i den. Bland tomatane frå boks, 2 ts salt, nykverna peppar og eddik, og slå det i eit eldfast fat.

Fordel auberginen, squashen, løken og paprikaen ide om side utover i forma oppå tomatsausen. Ringle honning over, og strø på hakka timian. Bak grønsakene i omnen i 25-30 minutt, til grønsakene er møre.

Bakt salat2 Skåld tomatane medan forma står i omnen, flå dei og del dei i skiver. Ha dei i forma saman med fetaost og oliven, og sett inn i omnen igjen i 10 minutt.

Smak til med salt og peppar om nødvendig, og server romtemperert.

This entry was posted in: Allergi, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply