Eg er eit vanemenneske, kvar kvardagsmorgon et eg melonyoghurt med musli og det vi har av frukt, no for tida ofte ein nektarin i terningar. Han eg bur saman med likar variasjon, og eg blir like sur kvar gong han har kjøpt noko anna “for å variere”. Eg vil ikkje variere, eg vil ha melonyoghurt. Vi utviklar alle våre sære sider med åra, tenker eg.
Men laurdag og søndag har eg stort sett god tid, og lagar meg noko godt som eg et på eller ved sidan av brødskiver. Var du mellom dei som vart lokka utpå med mine tips om sylting av sitronar? Saltsylta sitronar passar perfekt til avokado, har eg funne ut. Eg skjer avokado i tynne skiver som eg legg oppå nokre striper med majones, og så skjer eg ein sitronbåt utan fruktkjøt i tynne strimlar og legg på avokadoen. Litt salt og peppar på toppen løftar det heile. Mmmm og god søndag!
Det er kjempegodt med avocado på skiva! 🙂 Jeg spiser med paprika og rødløk, og kvernet salt og pepper over – namm!
Klem