Lykke, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Av og til blir eg så lat…


Nokre av dei som kjenner meg trur at eg er ein slags superpropell som surrar og går heile tida. Det må vere bygd på ei grov missforståing. Innimellom er eg så søkke lat at eg gjer ingenting meir enn eg absolutt må. Det er vindua mine, det er då eg samlar krefter til å gå laus på nye greier. 

I dag er ein slik dag, eg lagde gresk buffé til 16 personar i går, og fekk vere med på festen som varte til langt på natt. Dagen i dag har blitt tilbrakt i senga, ein kjapp tur i dusjen og så ved kjøkkenbordet med avisene, gode brødskiver og avisene. 

IMG_7735No skal eg ta på solfaktor, og ta ein tur ut i hagen. Eg tek med meg ei mugge iste av enklaste sort.

Når eg får lyst på iste vil eg ha det FORT, eg gidd ikkje å trekke te, la den kolne og sånn går no dagan.

Hos Røtter på St.Hanshaugen fann eg desse fine iste-teposane med blåbær. Dei skal trekke i kaldt vatn, og isteen er ferdig etter eit kvarter. Perfekt! Det er akkurat så lenge eg klarer å vente. 

IMG_7732Eg brukar den største mugga mi, og puttar oppi fire blåbæristeposar, det gir passe styrke.

Så let eg det stå og trekke medan eg leitar fram noko å sitte på, solfaktor, dei avisene eg enno ikkje har lese og isbitar frå frysaren. 

I vasken står det nokre myntekvistar i vatn, dei tok eg inn på torsdag for å bruke i tsatsikien til den greske buffeten. Den struttar full av liv, mynte overlever alt, også oppbevaring i oppvaskkummen i tre dagar.

Eg tek ein kvast, og puttar i isteen saman med isbitane. Så er det berre å nyte ein fin dag i hagen – utan andre plikter enn å kose seg. Ha ein deilig dag, du og! 

IMG_7736

This entry was posted in: Lykke, Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Ååå, det så deilig tørsteslukkende ut! Celestial seasonings tea er kjempegode! Og det er vel lov å være lat – noen kaller det å nyte livet! 😉
    Det er vår tids misoppfatning – at vi må være aktive og flinke til enhver tid, ellers er vi late … Nyt dagene! 🙂 klem

    Likar

  2. Iste er deilig forfriskende i varmen. Jeg har dilla på gresk iskaffe for tiden (Frappe) Kjøpte med meg elektrisk visp og pulverkaffe fra Hellas, og følger oppskrift jeg har funnet på Youtube 😀

    Likar

  3. Maiblomst says

    Åhhh! Iste er godt det, men Frappe!!!!! Og med vaniljeis i er den fantastisk! Kunne du ha delt den oppskrifta Bipbap? :-))

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s