Allergi, Mat, Middag, Tilbehør
Comment 1

Tapenadebakt torsk

Torsk er utruleg lett å lage til, den harmonerer godt med andre råvarer og blir ikkje tørr og trist. I går lagde eg tapenadebakt torsk, ein enkel rett som går fort å lage, og som ein kan førebu i god tid før den skal serverast.

Det er ein kunst å få torskestykka nokolunde like store. Skjer ut beina, og del den tjukke i tre eller fire, alt etter kor stor torsken er. Så kan du ta dei tynne delane, og rulle dei eller brette dei slik at dei vert omtrent like tjukke som ryggstykka. 

Tapenaden kan du lage fleire dagar i førevegen. Tapenade er ein mos av oliven, med kapers, urter og ansjos. Du kan lage den med grøne eller svarte oliven, er føretrekkjer dei grøne. Svart tapenade er vanlegast i Italia, så eg er ikkje heilt “korrekt” her. Men min grøne har eg lagd sidan åttitalet, og det er masse nostalgi i at den er akkurat slik som dette. Tapenaden lagar du slik:

IMG_7532Tapenade

300 g avrente grønne oliven utan stein, gjerne med paprika i midten

2 ts provence-krydder

3 fedd kvitløk

6-8 ansjonsfiletar pluss laken

1 dl olivenolje

1 ss kapers

Ha alt i ei matmølle, og køyr det til ein glatt puré. Tapenade er godt på toast, i ostesmørbrød og utspedd som salatdressing.

Tapenadebakt torsk

180 g fisk per person

1 ss tapenade per fiskestykke

Sett omnen på 180 grader. Legg fiskestykka i ei form med bakepapir. Dei kan godt ligge tett. Dryss litt salt og peppar på filetane. Legg ei skei tapenade på kvart torskestykke. Bak fisken på 180 grader i 15 minutt. Server med aioli, sitronbåtar og saltkokte poteter eller gnocchi.

This entry was posted in: Allergi, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Pingback: Menyen i dag « Alt godt

Leave a Reply