Månad: juni 2009

-Og så: Bryllupskake!


Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med «skuffekake» til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau. Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte …

Kva kan eg seie?


-Eit strålande vakkert og hjartegodt brudepar.   Saftige, velsmakande spesialimporterte pølser servert med ein himmelsk rødkål og deilige salatar. Vakkert ver.  Og alle var einige om at det var ein fin dag. 😀

Fleire heltar


Eg har alltid syntest at nysirkus er spennande, og denne kunstarten har utvikla seg voldsomt dei siste åra. Her er eit utdrag frå ei forestilling med det canadiske ensemblet Cirque de Soleil, La Nouba Acrobatica. Eg tek meg i å halde pusten, bli kvalm og svimmel på ein gong, men likevel ivrig etter å sjå meir. Reglane om kor mange som skal vere på ei trampoline samstundes har dei eit fritt forhold til, noterer eg. 

Dagens muffins


Av og til er det enklaste det beste. Iallfall for bakaren. Det smakte ikkje så verst heller, for trettenåringen og eg delte ein som det dessverre ikkje var glasur att til.  Dette er altså muffins lagd med TOROs gulrotkakelangpanne, med bremykt som bakefeitt og melisglasur. På toppen: Eit av dei 24 finaste morellene eg fann i hundrekronersposen frå Singh.  Og det mest fantastiske er at desse kan du få kjøpe – viss du er i Oslo! Bydelsdagen på St.Hanshaugen byrjar klokka 13, og då skal desse stå på bordet viss mor klarer å rote seg ned dit i tide. Ti kroner stykket, gemalen meinte dei burde koste minst 30,-, og når eg tek omsyn til prisen på morellene er det sikkert rett. Støtt Ila Skoles Musikkorps, du kan til og med få høyre dei, og kjøp ein muffins. Eller ein vaffel. Ha ein fin dag, i morgon kjem bilda av bryllupskaka! 

No er den min!


The Different Company: Sublime Balkiss! Toppnotar: Bergamott, solbær og mørke bær Hjartenotar: Roser, liljekonvall, fiolblad og syrin Botnnotar: Patchuli og uttrekk av erika-lyng Mmmmm!

God fredag!


Med ein elegant liten liljekonvall i motlys sig helgefreden inn over meg. Og det kan jammen trengast, for eg skal bake til bryllup og bydelsdag, lage middag til gjengen, ordne gåve til ein trettenårsbursdag og pakke til tiåringen sin Italia-tur natt til søndag.  Eg minner meg sjølv om at dei dagane då alt står på hovudet er gode dagar, og ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg!

Sisley: Eau du Soir


Eg har tidlegare skrive om det å gje ein parfyme ein ny sjanse, men av og til er det ein skal gjere kanskje å bytte produkt. Eau du Soir har eg alltid oppfatta som ei bestemorparfyme, med alt for mykje iris til at eg kunne like den. Den er pudrete, har mykje skarp sitrus i starten, og den har aldri komt lenger enn til papiret med meg. Sist eg var på ein Sisley-stand møtte eg ei utruleg triveleg og hjelpsom dame som verkeleg formidla duftene til Sisley på ein spennande og god måte. Ho ga meg prøver på dei tre nye duftene Sisley 1,2 og 3, dei skal eg skrive om ein annan dag. I tillegg putta ho nedi posen nokre små kremprøver på Soir de Lune og Eau du Soir. I dag hadde eg tenkt å ta på meg Soir de Lune, men eg tok ganske enkelt feil, og enda opp med Eau de Soir på hendene og armane.  Så kva luktar denne bestemorparfymen på meg? Det første som slo meg var høy, tørt, …

Vildanden


Eg fortalte om ein båttur til Grimstad i himmelfarthelga. Då var vi innom ein kjempefin butikk som heiter Vildanden. Det er ein klassisk shabby chic interiørbutikk, men dei hadde mykje vakkert og fristande. Kjem du til Grimstad til sommaren så er den definitivt verd ein tur innom for å hente litt inspirasjon. Dei har mykje fint servise, dei lekre franske reingjeringsseriane, som Durance og Savon de Marseille, og delikate kjøkkentekstilar og sengetøy.     Huskar eg rett når eg meiner eg såg eit bålfat der? Hmmm… Må sjekke det ut nærare neste gong eg er i området…

Noko av det vakraste XVIII


Eg har presentert Radka Toneff her før, men ho fortener å få synge meir enn ein song her i bloggen. My funny Valentine var den første eg høyrde med henne. Den slo meg i marka, eg hadde aldri høyrt noko liknande. Sangen er ein standardlåt skriven av duoen Rodgers & Hart til musikalen Babes in arms  i 1937. «Alle» har gjort denne, frå Ella Fitzgerald til  Chaka Khan  via Matt Damon med Jude Law på saksofon. For meg vil alltid Radka Toneff sin versjon med Steve Dobrogosz på piano vere den beste.

Dior: Escale à Pondichéry


Christian Dior lanserte Escale à Portofino i fjor, og det var ei av sommarens parfymesuksessar. I år kom Escale à Pondichéry, med same design og stil. Det er allereie varsla at det vil kome fleire «trappeparfymer» i denne serien, som til no består av to aromatiske sitrusdufter, den eine inspirert av Italia, den andre av India.  Escale à Portofino falt eg ikkje for. Eg opplevde den som litt emmen, ikkje så frisk som ein kunne vente. Escale à Pondichéry er ei heilt anna historie. Den opnar og med markante sitrusnotar, men den beheld det friske preget så lenge eg har parfymen på. Den har tenotar og, ein av mine favorittar. I tillegg har den eit hint av kardemomme, men det gjer den ikkje søt. Det berre legg til litt varme, denne typen friske, kjølege parfymar kan lett få eit metallisk preg viss det ikkje er varme notar med i komposisjonen.  Escale à Pondichéry er ikkje pudrete, men likevel klassisk elegant. Den har eit mystisk skjær over seg, som eg vil beskrive som androgyn. Dette er …

Toalettfrustrasjonar


Kva er det med det å gå på do som gjer at folk som elles er velfungerande, høgt utdanna frå heimar med klavér misser tankens kraft? Det lurer eg på. Du sit på do, og gjer det du skal, og så dreg du i papiret. På grunn av akutt materialtrøttleik slitnar papiret slik at du sit med ein liten tjafs i handa. Kva gjer du då? Det einaste fornuftige er vel å sleppe den i do, eller gjere eit tappert forsøk til, og pakke den inn i den vonaleg lengre og meir tenelege remsa du då får hand om. Neida, det vaksne fornuftige folk gjer er å sleppe papiret PÅ GOLVET!!! Kvifor i all herrans namn var det det luraste du kunne kome på å gjere med det? Kor vanskeleg kan det vere å la vere å lage rot og søppel på golvet? Neida. Tankens kraft er tapt, og vaskedama får rydde opp. Det same gjeld tørkepapiret. Oj, dunken er full. Kva gjer du då? Tørkar hendene, og stildrar papiret ditt øverst på den svulmande …

Heimelaga fiskepudding


Fiskefarse er utruleg lett å lage, iallfall viss du har ein hurtigmiksar eller ei matmølle av eit eller anna slag. Har du ein stavmiksar med stor hakkebolle kan du lage farse i den. Fiskemat blir best med kvit fisk syns eg, men du kan også bruke laks eller ørret. Eg vaks opp med bestemora mi som lagde fiskemat av hyse og lyr, hyse lagde ho fine, store fiskebollar av som ho kokte i kraft. Den er kvit og fin i fisken, og gir god smak. No har vi nye fiskesortar i butikken, pangasiusfilet går til dømes fint å lage fiskemat av. Er du så heldig at nokon fiskar for deg, så er lykka gjort. Sjekk filetane godt for bein, det er ikkje så kjekt å treffe på i fiskekaker eller pudding. Fiskefarse kan lagast i former, individuelle eller ei lang brødform, den kan steikast til fiskekaker eller kokast til bollar slik mi bestemor gjorde. Farsen kan lagast litt grovare, slik at fiskekakene blir meir som karbonader. Gode er dei uansett.  Når du lagar fiskefarse er …

Er syrinen på hell?


-Eller står den i fullt flor? Syrinar veks raskt, og vert store tre i løpet av åtte til ti år. Det kan vere praktisk å beskjere dei, men kuttar ein greiner om våren så vert det ikkje blomstring den sesongen. Det er etter blomstringa at beskjering av syrinar bør skje. Har du eit forvokst eksemplar av arten, så gi den ein omgang med saks og sag no etter at den er avblomstra. Det å ta inn bukettar er også ei form for beskjering, så ver raus med blomar på borda så lenge den står i blomst. Snus inn den deilige lufta som vi må til parfymeflasker for å få kjenne resten av året.

Lommetørkletreet


Lommetørkletreet i Botanisk hage på Tøyen er ein sjeldan plante. Davidia involucrata finst nokre få stader i Norden, men kjem opprinneleg frå Kina. Det held på å blomstre av no, så blada byrjar å bli grønare, dei er ikkje så lysande kvite som dei er rundt midten av mai. Men det er uansett lett å forstå kvifor den har fått kallenamna duetre, lommetørkletre eller spøkelsestre. Vakkert! Dette bildet er frå Trädgårdsmestaren (med hans samtykke), for eg gløymde sjølvsagt å ta med kameraet i dag. 

Heilsteikt kylling


Heilsteikt kylling er ein favoritt her i huset. Den lagar seg sjølv meir eller mindre, og alle likar det lyse, saftige kyllingkjøtet. Eg brukar å kjøpe store gourmetkyllingar til denne retten, dei gir meir mat, og meir smak. Kyllingen har godt av å bli gnidd inn med ting som gir smak, og du kan også putte gode ting inni for å gje smak. Denne har fått sitron og urter inni seg, og er gnidd inn med gode greier for å gje god smak til både skinnet og kjøtet. Til kyllingen serverte vi ferske asparges og risotto. Ein kan godt blande aspargesen i risottoen, men sidan ungane ikkje er så glade i asparges (da blir det mer på oss, mel. Knutsen og Ludvigsen) har vi dei ved sidan av. Risotto lagar eg med italiensk arborioris. Eg har høyrt at enkelte lagar risotto med grautris, men det har eg ikkje prøvd. Arborioris er ein rundkorna ristype som beheld form og fastheit gjennom kokeprosessen, og som er ein del større i kornet enn vanleg basmati eller jasminris. Det …

Dagens skattejakt…


Glamorøse damer har forskjellig i skuffene sine, og når dei ryddar finn dei som andre ting dei ikkje brukar lenger. Vi var innom eit godt stykke utpå dagen, men der var mange skattar att. Eg veit ikkje heilt om eg angrar eller ikkje på at den søte, vesle Gucci-lommeboka nede til venstre ikkje vart med heim, så eg får berre la vere å tenke på den meir. Det svarte beltet fekk tenåringen for femti kroner.    Elles vart det eit nytt par Nudie-jeans, ein kjole, ein hekla og ein strikka topp til tenåringen, samt eit skjerf som bestemor skal få i gåve i kasjmir med påsydde paljettar. Lekkert! Eg leitte etter ei svart veske, men fann ingenting som «talte» til meg. Men det byr seg nok fleire høve! 😀

Sommarfest med rømmegraut


Her om dagen fekk eg ånda over meg, og lagde rømmegraut. Då vi sat der og åt grauten med tørr brudevoldmår og flatbrød var vi veldig einige om at det er utruleg godt. Vi burde eigentleg ete det oftare. For linjene ville nok ikkje det vere optimalt, men gudbedre meg for ein fantastisk smak med enkle og billige middel.  Rømmegraut er strålande festmat og, inga sak å lage til mange, og alle blir glade. Med litt fenalår, litt mårpølse og spekeskinke til blir dei fleste mette. Eg ser for meg bunader på rad og rekke, og ei barmfager grautkokke på kjøkenet. Grauten er også ein naturleg del av jonsokfeiringa, eller St.Hans. Heime på Sunnmøre vert det alltid servert graut, enten på skulen eller på Kjelsund. Denne oppskrifta er til to vaksne og to barn, eller tre vaksne. Slik gjer du det:  Rømmegraut 2 beger (600 g) seterrømme 2,5 dl mjøl 7,5 dl mjølk 1 ts salt Kok opp rømmen i ei tjukkbotna gryte medan du rører flittig. La den koke i fem minutt. Ha på …

Alt på ein gong


Er det ikkje typisk? Alt det hyggelege, fine, morsomme skjer på same tid. Det slår ikkje feil. Denne helga kokar det av arrangement i byen, og problemet med å dele seg er uløyseleg, så harde prioriteringar må til. I botanisk hage er det Åpen dag på søndag, og både botanisk sjølv og mange andre har plantesalg der. Sjansane for å finne noko som Plantasjen ikkje har høyrt om ein gong er overhengande. Det er open dag begge dagane på Ramme gård også, Petter Olsen si «vesle» perle ved Oslofjorden, mellom Drøbak og Hvidsten. Ramme gård er heilt fantastisk, hagen er ei oppleving og det er guida turar gjennom den kvar time. Pass på å få med deg den erotiske hagen, den er spektakulær! At St.Hanshaugen er eit kjendistett område er opplese og vedteke som sanning. Kjendisar må gå på mange festar, (puh, så slitsomt… 😉 ) og må dermed ha nye antrekk rett som det er. Dei mest velkledde damene i byen, også kalt Jentene på haugen, har bakgårdssalg laurdag kl. 13-19. Det du ikkje …

Dei enklaste kjeksa – engelske Shortbread


Tiåringen skulle gjere engelsklekse, og kva er vel meir på sin plass enn å bake shortbread? Han kom heim med oppskrift på engelsk frå engelsklæraren, og gjekk i gang med friskt mot. Sjølv om handmiksaren var det morsomaste, og den fekk køyre litt i fri, så vart det faktisk kjeks av det. Den klassiske oppskrifta på shortbread, som er skottane sitt nasjonale tebrød, er ein del sukker, to delar smør og tre delar mjøl. I gamle dagar vart det vanlegvis laga med grovmjøl, men i dei seinare åra har det blitt mest vanleg å lage med fint mjøl. Shortcake er ein slektning, det er shortbread med hevemiddel og gjerne ei smakstilsetjing i form av frukt eller krydder. Tiåringen og eg vart samde om at vanilje sikkert ville heve shortbreada til nye høgder, og i tillegg grov ho mor i skuffene og fann fram perlesukker. Det byrjar nok å dra på åra, dette perlesukkeret, men det kan ikkje gå ut på dato, kan det vel? Eg vart reint imponert over guten min, det var ikkje mykje …

Eit meme


Her sit eg, og skal gå heim frå jobb, men einkvan der oppe sender det eine regnskyllet etter det andre ned over meg. Difor prokrastinerer eg, og rappar eit meme frå Frøken Makeløs i staden. Slik går det: ♥ Hva er du opptatt av for tiden? Finne nokon å bytte hus med i ferien, glede meg til bryllup neste helg og vente på sola. ♥ Hva har du på deg i dag? Raud singlet, raud jakke over, piratjeans og kvite blondesko. Som eit syttandemaiflagg, altså.  ♥ Hva skal du spise til middag? Oppattevarma greinaløyse, vi har restar frå både tirsdag og onsdag. ♥ Hva vil du gjerne lære deg? Fransk! ♥ Hva hører du på akkurat nå? Datamaskinen som spinn og regnet som slår mot ruta. ♥ Hvordan er ditt favorittvær? Sol, men ikkje altfor varmt ♥ Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? Levere ei innstilling inkl. toppnotat og eit toppnotat til ei anna sak samt å oppdatere hovuddokumentet, samt å hjelpe ein kollega med ei evalueringsmatrise pluss pluss… ♥ Hva syns du …

Urtesalt frå hagen


Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Som eg sa i går, dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Dette er ei stor oppskrift, men kor mykje det blir til slutt er eg ikkje sikker på. Urtesaltet står framleis i omnen til tørk! 😀 Her er det eg byrja med: Ein bunt sitronmelisse, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Fordelen med å lage sitt eige urtesalt, utover det faktum at du får brukt opp urtene, og det er rasande …

Noko av det kulaste


Eg oppdaga Al Jarreau rundt 1980, på platebaren LaLuna i Ulsteinvik. Der dreiv dei ei strålande plateforretning med tung vekt på jazzfunkpop, og amerikansk funk hadde ei høg stjerne blant kundane. Bror min baserte seg på ein femtilapp; så hadde han nok pengar til bussen fram og tilbake pluss ein diger kjekssjokolade som han kunne spise saaaakte medan han høyrde på musikk. No høyrde han rett nok meir på Deep Purple enn Al Jarreau, men det er ei anna historie. Den første plata eg kjøpte var This time, som kom i 1980. Den vart spelt i fillebitar, og då Breakin» away kom året etter var eg nær eufori. Bandet han hadde med seg på desse platene var av verdsklasse, med George Duke, Steve Gadd, Abraham Laboriel og Stanley Clarke for å nemne nokre få. Alles erste Klasse.  Al Jarreau er vel først og fremst kjend som vokalekvilibrist, og eg veit ikkje om nokon som scatsyng som han. På This time gjorde han denne versjonen av Chick Corea sin Spain, og det gjer han  på ein …

Grønt og godt


Eg brukar masse grøne urter i maten eg lagar, og å dyrke dei er mykje lettare enn ein trur. Urter gjev maten eit løft, utan at det kostar for mykje verken i kroner eller i arbeid. Men det kan vere vanskeleg å skaffe seg oversikt over dei vanlegaste sortane og korleis dei vert dyrka. Her er ei oversikt over dei krydderurtene eg brukar mest, korleis du får tak i dei, passar på dei og brukar dei i mat. Det er vanleg å skilje mellom fleirårige og eittårige urter. Mange eittårige urter frør seg så lett at du får dei tilbake år etter år likevel. Dei fleirårige er som regel ganske motstandsdyktige, og toler ein vinter. Men nokre av dei treng å bli pusla litt med, for eksempel med eit lag granbar i dei kaldaste månadane. Lag deg eit urtebed i ein lun del av hagen, gjerne med ein levegg, og vend mot sør. Del gjerne bedet i to, for nokre urter er ugras, og må tøylast, og dei kan stå kvar som helst. Andre må …

Chanel Cristalle Eau Verte


Chanel Cristalle vart lansert i 1974, og er ein klassisk grøn chypre. nokre kallar den ein fruktig chypre, men trass i dei fruktige notane av melon så er det blomane og eikemosen som overveldar meg. Det kan hende at eg aldri har gjeve den nok tid. Eg har sjølv prøvd å overtyde folk om at av og til må ein lide seg igjennom den første halvtimen for så å oppleve ei fantastisk duft. men med Cristalle har eg aldri stått løpet ut. Eg opplever den berre som skarp og lett kvalmande, beklagar til alle fans der ute. I år har Chanel lansert ein flanker, Cristalle Eau Verte, altså grønt vatn. Eg var ein smule skeptisk første gongen eg lukta på den, og avviste den ved første sniff. Men så spraya ei dame på Kastrup den på armen min før eg rakk å takke nei, og eg hadde for lite tid til å gå og vaske den av meg før flyet skulle gå. Etter kvart som flyturen gjekk vart eg sittande å sniffe på armen min, …

På vikingevis


I dag skal vi gå drastisk til verks, vi skal lage mat slik vikingane gjorde det. Mat ute smakar best, men det treng ikkje alltid vere matpakke eller grilling når ein skal lage til eit godt måltid ute. Eg fekk vere med på å koke kjøt og fisk i kokegrop, og det er ein spennande og annleis måte å lage mat på. Du kan variere på mange måtar, og sjølv om det tek litt tid så er det spennande når alle som er med på tur gjer sitt til at måltidet vert ferdig. Å lage ei kokegrop er ikkje så komplisert, men du treng litt utstyr. Du treng ein stikkspade, ei greip og/eller ei hakke, eit par kraftige hanskar, ein sekk ved og 25-30 steinar på storleik med eitt par knytnevar kvar. Sjekk ut reglane for bålbrenning før du går i gang, det kan hende at du treng løyve. Finn ein stad der jorda er fuktig, steinfri og fin, med eit solid lag med gras på toppen. Myrjord fungerer kjempefint til å lage kokegrop i. Bruk …