Month: juni 2009

Noko av det vakraste XVII

Jan Garbarek skreiv dette verket på bestilling frå jazzfestivalen i Molde. Det vart framført sommaren 1990, og gjeve ut på plata «I took up the runes» same året på ECM. Seinare vart det brukt under avslutninga av OL i Albertville i 1992, der Sissel Kyrkjebø sang det sittande på Kvitebjørn Kong Valemon. Eg likar originalen best, dette er eit fantastisk band. Jan Garbarek sin musikk har ein stille, men likevel medrivande intensitet, og alt han gjer er utruleg gjennomarbeida og velmodulert utan å vere veloppdragent. Dette er kvalitet tvers igjennom.

Dagens enkle

I går trengte eg ein kjapp middag, og heldigvis hadde Singh, vår lokale landhandlar (viss ein kan kalle han det når han driv butikk innanfor ring 2…) ope. Eg fekk tak i fiskekaker, tomatar og hamburgerbrød. Resten hadde vi i kjøleskapet og i hagen.  Eg steikte fiskekakene i steikepanna, og rista brøda i brødristaren. Så lagde eg denne dressingen: Hamburgerdressing 2 ss majones 1 ss remulade 2 ss oppklipt graslauk 2 ss kesam 1/2 ts honning Salt og peppar Bland alt, og smak til. Ha litt dressing på nedre del av hamburgerbollen, og legg på salatblad og tomatskiver. Legg på fiskekaker, og ha på litt dressing til. Likar du ketchup i slike installasjonar så pøs på. Litt sylteagurk eller kapers er også godt. Mmmm!