Humor
Comment 1

Eit meme


Her sit eg, og skal gå heim frå jobb, men einkvan der oppe sender det eine regnskyllet etter det andre ned over meg. Difor prokrastinerer eg, og rappar eit meme frå Frøken Makeløs i staden. Slik går det:

♥ Hva er du opptatt av for tiden? Finne nokon å bytte hus med i ferien, glede meg til bryllup neste helg og vente på sola.

♥ Hva har du på deg i dag? Raud singlet, raud jakke over, piratjeans og kvite blondesko. Som eit syttandemaiflagg, altså. 

♥ Hva skal du spise til middag? Oppattevarma greinaløyse, vi har restar frå både tirsdag og onsdag.

♥ Hva vil du gjerne lære deg? Fransk!

♥ Hva hører du på akkurat nå? Datamaskinen som spinn og regnet som slår mot ruta.

♥ Hvordan er ditt favorittvær? Sol, men ikkje altfor varmt

♥ Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? Levere ei innstilling inkl. toppnotat og eit toppnotat til ei anna sak samt å oppdatere hovuddokumentet, samt å hjelpe ein kollega med ei evalueringsmatrise pluss pluss…

♥ Hva syns du om den personen som tagget deg? Vart ikkje tagga

♥ Hvis du kunne fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden – hvor skulle det vært? Eg vil ha eit hus i Vallegata eller Anton Schjøths gate.

♥ Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? Bedre tid

♥ Hva vil du gjerne bli kvitt? Nokre kilo?

♥ Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du dratt? Til Berlin.

♥ Hvilket språk vil du lære? Fransk, sjå over.

♥ Hva ser du etter i en venn? Humor, livsglede, energi, omtanke.

♥ Hvem vil du gjerne møte? Nelson Mandela.

♥ Hva slags musikk liker du? Amerikansk jazzfunk, klassisk, er vel blant dei få som ikkje skrur av radioen når det er samtidsmusikk på, masse fin pop og.

♥ Hva er favorittplagget i klesskapet ditt? Festfrakken min, når den er nystrøken og fin.

♥ Hva er drømmejobben? Ein jobb der eg kan snakke til forsamlingar, formidle ein bodskap, eit fag eller eit tema. Eg har altså drømmejobben – av og til. 😉

♥ Har du noen favorittmodeller? Opel Touran?

♥ Hvis du hadde hatt 1000 kroner nå, hva ville du brukt det på? Ein ny parfyme, sikkert.

♥ Beskriv stilen din? Enkel, men med eit litt romantisk preg. Eg likar å ha litt blondar eller litt hekling i eit antrekk, men ikkje berre det.

♥ Hva var det siste motebladet du leste? Det må vere noko hos frisøren, huskar ikkje. Allure er vel ikkje mote? Meir parfyme og sminke.

♥ Den siste cd-en du kjøpte? Den siste til Kanye West til tiåringen min.

♥ Hva hørte du på da du ble tagget? Vart ikkje tagga.

♥ Hva vil du akkurat nå? Ut i sola, men då må skyene bort først.

Eg utfordrar Hagen på hytta, NefertitiBipBapGundaM og ToveD!

This entry was posted in: Humor

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s