Heilsteikt kylling er ein favoritt her i huset. Den lagar seg sjølv meir eller mindre, og alle likar det lyse, saftige kyllingkjøtet. Eg brukar å kjøpe store gourmetkyllingar til denne retten, dei gir meir mat, og meir smak.
Kyllingen har godt av å bli gnidd inn med ting som gir smak, og du kan også putte gode ting inni for å gje smak. Denne har fått sitron og urter inni seg, og er gnidd inn med gode greier for å gje god smak til både skinnet og kjøtet.
Til kyllingen serverte vi ferske asparges og risotto. Ein kan godt blande aspargesen i risottoen, men sidan ungane ikkje er så glade i asparges (da blir det mer på oss, mel. Knutsen og Ludvigsen) har vi dei ved sidan av.
Risotto lagar eg med italiensk arborioris. Eg har høyrt at enkelte lagar risotto med grautris, men det har eg ikkje prøvd.
Arborioris er ein rundkorna ristype som beheld form og fastheit gjennom kokeprosessen, og som er ein del større i kornet enn vanleg basmati eller jasminris.
Det spesielle med risottokoking er at væska vert tilsett litt etter litt medan ein rører, i staden for i byrjinga slik ein gjer med vanleg ris. Sjekk ut lokalbutikken eller butikken til din lokale innvandrar, dei har ofte denne ristypen.
Ein kan også ta seg ganske stor fridom når det gjeld kva ingrediensar ein har i risottoen undervegs. Bacon, løk, kvitløk, sopp eller urter er heilt vanleg. Til slutt rører ein inn parmesanost, det bitt risottoen saman og gjer at den får eit “sausete” preg.
Denne oppskrifta er til åtte personar.
Omnssteikt kylling med risotto
2 store kyllingar, ca. 1,5 kg kvar
Olivenolje
2 sitronar
Mykje av det du har av urter
600 g arborioris
2 små løkar
4-5 sjampinjongar
4 fedd kvitløk
3 dl kvitvin
1,5 liter kyllingkraft eller vatn med buljong
100 g parmesanost eller pecorino
Salt og peppar
Ein klatt smør viss du vil
Set omnen på 180 grader. Skyll kyllingen, og tørk av den med kjøkkenpapir. Riv skalet av ein sitron, og skjer begge sitronane i båtar. Gni kyllingen på utsida med eitt par av båtane, og ta sitronskalet til side. Ha sitronbåtane inni kyllingen saman med urtene.
Bland saman sitronskalet med 2 ts salt, peppar. 2 ss olivenolje og 2 finhakka kvitløksfedd. Bruk hendene, og gni kyllingane inn med dette. Ha dei i ei eldfast form, og steik dei i omnen på 180 grader i 1 1/2 time.
Finhakk soppen, løken og 2 fedd kvitløk. Fres dette i olivenolje i ei låg, vid panne. Ha i risen, og la den surre litt før du slår på vinen. La vinen koke inn til det nesten er tørt. Slå på krafta litt og litt, og la den koke inn mellom kvar vending. Hald på til du har brukt opp all krafta, og risottoen er tjukk og fin. Smak på gryna, dei skal vere møre, med ei lita, fast kjerne. Rør inn riven ost til slutt, og ein smørklatt viss du ikkje har mjølkeallergikarar til stades. Pecorinoost er ein saueost som dei fleste mjølkeallergikarar toler godt.
Knekk aspargesane der dei gir etter naturleg, og skrell den nederste delen med potetskrellar med aspargesane liggande på fjøla.
Ha aspargesane i ei varm steikepanne med olivenolje og ørlite vin. Vend på aspargesane, og dryss på litt salt og peppar. Dei er ferdige etter tre-fire minutt, avhengig av kor tjukke dei er.
Del opp kyllingen i bryst og lår, og legg den på varme tallerknar saman med asparges og risotto, og nyt!
Mmmmm…………denne skal jeg prøve, ser deilig ut. Var på Thons nye hotell i Svolvær og fikk en nydelig kylling til lunsj med aroma-risotto til. Tror sausen var laget på kyllingkraft og sitron.
Denne må prøvast! Heilsteikt kylling er veldig enkelt og godt. Me hadde ein variant som eg plukka opp på Marthe Stewart til middag i dag. Då fyller ein kyllingen med kvitlauk og urter og evnt. sitron. Oppi panna med kylling har ein poteter i båtar. Dei potetbåtane smakar himmelsk!
Did you try to marinate the chicken 24 hours before roasting? I use a brine of salt, sugar and a little vinegar.
That sounds delicious, I’ll definitely try it, Sue!