Bryllup, Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker
Comments 15

-Og så: Bryllupskake!


Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med «skuffekake» til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau.

Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte eit oppbygd stativ med kaker på, det er ein særs ustødig konstruksjon. Syt også for at kaka står på eit solid bord som ikkje skjelv viss nokon dunkar borti det. Det skal lite til før slike konstruksjonar veltar, og katastrofa er eit faktum.

Før var alltid hovudkaka ei marsipankake. Dei siste åra har det blitt meir vanleg med andre smaksvariantar, som sjokolade eller ulike kaker med frukt. Eg har hatt stor suksess med ostekake til bryllupskake. Det er ein type kake som dei fleste likar, som er lite tidkrevande og er lett å pynte. Operasjonane må skje spredd utover i tid, men det gjer ingenting, så lenge ein planlegg godt. Den er også lett å oppbevare, medan ei marsipankake som hovudregel må pyntast den dagen den skal etast. Den er også lett å frakte, sidan du kan frakte dei enkelte delane med kakeringen på fram til der selskapet skal finne stad.

IMG_7388Ostekaker er lekre med gelélok. I geléen kan du legge frukt, bær og urteblad til pynt. Til denne kaka har eg laga gelélok av rabarbragelé, med bitar av raud rabarbra, moreller og blad av sitronmelisse til pynt. Denne kaka var i berre ein etasje, til gjengjeld er den i ei 28 cm form, så mange får eit stykke. Det enklaste er å lage kaka over tre dagar. Dag ein lagar du botnen og ostemassen, og let den stivne. Dag to lagar du gelé til gelélok og pyntar kaka, og dag tre, då den skal serverast, vert den montert. Til ei tre etasjes kake treng du eit egna stativ, pluss som regel former i 28, 24 og 20 cm diameter. Sjekk med ditt stativ kva storleik du treng på formene.

Oppskrifta nedanfor er til ei stor (28 cm) kake. Skal du lage den i tre etasjar lagar du ein og ein halv porsjon i tillegg til det som nedanfor. Store handteringar, med andre ord.

Husk at dette er ei kake som ikkje skal varmebehandlast, som inneheld mjølkeprodukt og som dermed kan bli skjemt. Den må stå kaldt alltid når du ikkje jobbar med den. Pass på å ha reine reiskapar, klutar og handkle, og vask hendene ofte medan du held på. Ei slik kake som skal stå i opptil tre dagar kan bli ei bakteriebombe viss du ikkje er reinsleg når du lagar den. Slik gjorde eg det:

IMG_7247Ostekake

400 g digestivekjeks

125 g meierismør

500 g kremost

600 g (to beger) crème fraïche

3 dl kremfløyte

2 pakkar sitrongelé

200 g melis

Skal og saft av ein sitron

Frukt og bær til pynt

1 pakke gelé til lok

IMG_7234Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på. Bruk ein ring som er 28 cm i diameter, fjern botnen. Legg ringen på fatet, og sjekk at det passar. Knus kjeksa i ei matmølle. Smelt smøret.

Bland saman kjeks og smør, og press det ned i ringen og ut i kantane. Det er viktig at dette er heilt tett, elles renn massen ut mellom botnen og ringen. Set kaldt medan du lagar ostemassen.

IMG_7238Lag dei to sitrongelépakkane, men med halv mengde vatn, altså 5 dl vatn til to pakkar. La det kolne. Vask sitronen godt, og riv av skalet. Press ut safta og set det heile til side. Pisk fløyten stiv. Bland saman ost, crème fraïche, sitronskal og saft samt melis, og ha det i kremfløyten. Ha i sitrongeléen til slutt. Hell ostemassen i forma, og set det til kjøling. Har du det travelt kan du byrje å pynte kaka etter fem-seks timar.

Rabarbragelé

 300 g rabarbra, helst det raudaste nede ved stilken, det gir finast farge.

5 dl vatn

250 g sukker

10 plater gelatin

Skyll og skjer opp rabarbrastilkane. Ha dei i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke til rabarbraen er mør. Slå blandinga over i ei sil, og la rabarbraen renne av.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme rabarbrasafta som er silt frå. Rør godt, slik at dei smeltar. La geléen kolne. Det tek ei stund før den stivnar, så du har ein times tid på deg til pyntinga.

Eg lagde rabarbraprestekragar. Det gjorde eg ved å ta ein raud og fin stilk, og skar den i tynne skiver på skrå, slik at det vart som prestekrageblad. Då safta til geléen var ferdig og framleis kokande, senka eg forsiktig desse kronblada ned i safta eit minutt slik at dei vart ørlite møre av varmen, og fekk litt sødme av sukkeret.

Eg slo på eit lag gelé på kaka, og lot det stivne ein halvtime. Så slo eg på eit tynt lag til, og la kronblada i det laget i blomeform saman med sitronmelisse og godt skylte moreller med stilk. Morellene støtta eg opp med tynne grillpinnar, slik at nokre av dei skulle trosse tyngdelova. Til slutt, når dette laget var stivna, slo eg på eit lag til, slik at alt var godt dekt av geléen.

Her er nokre andre variantar:

Jordbærskiver og sitronmelisse i grøn gelé

Stjernefruktskiver og blå druer i gul (eller oransje) gelé

Physalis og sitronmelisseblad i lilla gelé

Ananasringar og blå druer i lilla gelé

Husk at kiwi og fersk (ikkje hermetisert) ananas gjer at gelé ikkje stivnar.

Det er også fint å pynte kaka langs kanten. Har du til dømes jordbær i pynten kan du sette halve jordbær ståande langs kanten av kaka. Du kan bruke stjernefrukt i tynne skiver i geléen oppå, og ha halve skiver av stjernefrukt langs kanten. Lykke til!

15 Comments

  1. Jepp, oppe i nord er det også tradisjon for gigantiske kakebord. Til min søsters konfirmasjon var det 17 kaker på bordet 🙂 Og det skal være pyntede kaker – gjerne kremkaker, og man lager dem i den største formen man kan finne.

    Skuffkake og eplekake er hverdagsmat, ikke til fest 🙂 Husker forøvrig mitt sjokk første gang jeg var i bursdagselskap til noen jeg ble kjent med som student – det var laget en bursdagskake og den ble skåret i like mange biter som det var gjester – værsågod spis din del 🙂 Da var jeg paff!

    Kaketradisjoner varierer gitt 🙂 Den kaka du hadde lagd så lekker ut!

    Likar

  2. Jeg kan skrive under på at et trøndersk kakebord har mer til felles med det sunnmørske enn det østlandske. Formkaker er dog ikke paria, men pyntet må de være (altså minimum med glasur). Som regel blir de firkanta kakene «vomfyllet» (sjokoladekaker, sitronkaker etc), mens de runde kakene går først. 😀 Med Kvæfjordkaken som unntak – da den er en firkantet kake i «rund» kategori. 😆
    Utporsjonering av kake er en uting nord for Dovre. hehe

    Jeg stusser forresten litt på den stjernefrukta. Blir ikke den veldig raskt brun som kanting? Eller gjør du noe «lurt» med dem?

    Likar

  3. Ja, ei kvart kake per person er eit slags minstemål, har eg forstått. Mor mi var alvorleg bekymra då vi gifta oss og hadde 56 gjestar og berre ti kaker pluss lefse og karamellpudding. (Det er også nokså uaustlandsk, å ha dessertar på kakebordet.) Kvæfjord er definitivt unntaket frå regelen om «skuffekaker».

    Stjernefrukt kan dyppast i litt gelé eller sitronsaft før den vert brukt som kantpynt, så vert den ikkje gul.

    Likar

  4. Det høres nå ut til at Østlandet er unntaket, ikke regelen.
    Jeg hører også at cateringeksperter sier at fire kaker holder til 50 gjester. Mulig det. Men det holder ikke for å skape Fest. Nærmere bestemt Kakefest. 🙂 Jeg bor i Nordland, og her skal det være velassorterte kakebord, garantert med rester nok til å invitere naboene på en ekstra runde dagen derpå.
    Flotte kaker du har laget. Takk for tips, inspirasjon og oppskrifter!
    Ønsker deg ei fin, fin uke 🙂
    Pludrehanneklem

    Likar

  5. HildeSofie says

    Nydelig, takk for inspirasjon!
    Jeg havner nok på pasjonsfrukt som smak, enten i ostekrem, eller fromasj. Og vurderer sjokoladebunn, for variasjonens skyld – det er et par andre som også lager ostekake til dette bryllupet, så er jo litt stas å lage noe annerledes 🙂
    Så er det bare bunadskjortestrykingen igjen, puh! 🙂

    Likar

  6. Hanne: Det du seier er veldig viktig, etterpåselskapa, der naboar og vener vert invitert (eller berre kjem innom) for kaffi og kaker. Eg huskar etter bryllupa til tantene og onklane mine var det folk innom og åt opp restane og såg på gåvene. Dette trur eg er mindre vanleg no, iallfall i byane. Vart du ikkje invitert så fell det seg ikkje naturleg å gå i etterpåselskap.

    HildeSofie: Eg fekk ei kake ein gong som hadde ei blanding av Ritzkjeks og oreocookies i botnen, den var deilig. Sjokolade går også fint, eller med kakao blanda i kjeksmassen. Pasjonsfruktmousse er deilig, då kan du bruke innmaten i pasjonsfrukta i toppingen og, gjerne med frøa i. Bland ut med ein god juice og lag gele av det.

    Likar

  7. Den der kaka skal jeg huske oppskrifta på (noterer!) 😉
    Og «kakebord» MÅ det være ja ;D

    Likar

  8. solfrid says

    Nuvel, da vokste jeg opp i et hjem med unntaket;D Der var det kaker så langt øyet kunne se.

    Jeg er godt gift, men kaken adopteres prompte – nam, nam.

    Likar

  9. Solfrid: Det kan godt hende at skikkane varierer mellom bygd og by heller enn mellom landsdelar, eg veit ikkje.

    HildeG: Ja, denne kaka kan «smalnast inn» på fleire punkt. Vaniljekesam er godt i, eg har lagd den i hurten og styrten med «alt kvitt» eg fann i kjøleskapet, yoghurt, kesam og ingen kremfløyte. Den blir meir fromasjaktig i konsistensen når ein brukar lettare ingrediensar, og eg har nokre barndomsminne om sitronfromasj som ikkje er så hjartelege, så eg likar denne varianten – eitt par gongar i året. 😉

    Likar

  10. Den kaka forsvant, gitt! Takk for bakeinnsats. Jeg trodde et øyeblikk jeg hadde bestilt alt for mange kaker, men det var ikke mye igjen da vi ryddet rester fra kakebordet. Det er ekstra hyggelig når de som baker til bryllupskakebord gjør seg litt ekstra flid – festkake er festkake! Jeg tror selv en vestlending hadde nikket anerkjennende over dette kakebordet…

    Likar

  11. Ja, kakebordet på den vakre holmen var det ingen grunn til å skjems over! masse deilige kaker, og fin variasjon. Det var ei glede og ei ære å bidra, kjære du. 🙂

    Likar

  12. Tilbakeping: Eit bloggememe « Alt godt

  13. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

  14. Tilbakeping: It’s coming together, baby… « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s