Musikk
Leave a Comment

Ein av dei store

Eg huskar sommaren 1983, eg hadde akkurat komt heim frå Gjøvik, og låg på stovegolvet til ei venninne og høyrde på Thriller om igjen og om igjen. George Duke var ein helt, og det var Stevie Wonder og, men ingen kom opp mot det kicket eg følte då eg høyrde på det Michael Jackson gjorde på den plata. 

Men det aller første eg høyrde av han var denne stille songen, Ben. Her må ein sjå bort frå det vanvittige antrekket, og sjå den kjenslevare, musikalske guten han var, sikkert allereie då med sår som han aldri fekk hela. Livet hans vart etterkvart ei tragedie, med sjukdom, underleg oppførsel og megalomani. Likevel står musikken att, og den gjev meg framleis det same kicket.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply