Det har vel ikkje gått nokon hus forbi at eg var ein av mange frivillige på konserten med Stavangerensemblet på Moringen pub i Kolbjørnsvik på laurdag.
Ovedia og eg hadde ansvar for catering til bandet, og vi ventar no på eit tilbod om å bli Stavangerensemblet sitt faste cateringcrew. Vi fekk iallfall litt skryt for maten og stellet forøvrig. (At eg nekta Frode øl før han skulle synge tok han med godt humør. Han innretta seg etter myndige sunnmørsdamer.)
Konserten var fantastisk, langt over mine forventningar. I mi bok er Stavangerensemblet eit band som spelte til dans i Gjerdsvika og i Ulsteinvik seint på syttitalet og litt utpå åttitalet, etter det har eg ikkje høyrt så mykje på dei, må eg innrømme.
Men dei gjorde eit forrykande show, og vokalisten (som på grunn av meg var nesten edru) er berre ei energibombe. Settet var tett, ingen pauser, kjappe skift og proft på alle måtar.
Dei serverte ei lang perlerad av gamle hits, mange hadde eg gløymt, men dei kom fram att når dei kjende riffa hjalla gjennom sentrum av Kolbjørnsvik.
Dei finaste fjortisane på Hisøya samla seg rike på tomflasker, vi vaksne fekk skjenke øl til gamle vennar og alt var fryd og glede.
Eg vonar komitéen gjer eit like bra artistvalg til neste år, for denne delen av cateringteamet stiller opp, heilt sikkert!
Som seg hør og bør vart det heile avslutta av eit forrykande fyrverkeri, heldigvis ikkje på vår rekning, det var dette båtracet som betalte for den moroa.
Men vi hadde perfekte plassar for å bivåne det heile, og det var ei perfekt avrunding av ein perfekt kveld.
Her er noko å mimre på:
Ikke helt mine favoritter, men et rått band å se live, ikke minst Frode Rønli som definitivt kan kalles energibombe. 🙂 Han er jo for øvrig pølseselger i Sandnes til daglig og burde kanskje selv bidratt til matserveringen. 😀
Jada, pølsebua var konversasjonstema under middagen. 🙂
Pingback: DeLillos i Kolbjørnsvik « Alt godt