Allergi, Billig mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Leave a Comment

Kaker for ein regnversdag

Uansett kor ein vrir og vender på det, det kjem alltid regnversdagar i ferien. Då passar det fint å lage regnverskaker.

Desse kakene vart til på ein slik dag, og dei vart også til ved at vi kikka oss rundt og såg kva vi hadde i huset. Vi hadde ein rest havregrynsgraut, vi hadde overmodne bananar og vi hadde peanøttsmør. Då var det berre å gå i gang med eksperimenteringa.

På toppen av det heile visste eg at ho som skulle kome på besøk ikkje toler mjølk. Då var det eit mål å ikkje stappe kakene fulle med smør eller kesam. Dette er altså mjølkefrie småkaker, eller ”cookies”, som det heiter på nynorsk. Sidan dei er smørfrie blir dei ikkje så sprø som vanlege kjeks, men dei smakar likevel veldig godt med eit glas mjølk eller ein god kopp te til.

Brune bananar er det ingen som vil spise hos oss, dei må vere nesten grøne for at barna skal like dei. Det er synd, for bananar er på sitt beste og sunnaste når dei er litt prikkete. Dei har til og med meir vitaminar og mineralar når dei er godt modne. Men når ingen vil spise dei må mor finne på oppskrifter som gjer at vi får brukt dei opp.

I oppskrifta står det at du skal ha i hakka, tørka frukt. Eg hadde tørka tranebær som eg hadde i, dei har ein fin raud farge, og gir god smak. Rosiner, dadlar eller korintar kan godt brukast i desse kakene, det same kan finhakka aprikosar. Du tek det du har i skapet, ganske enkelt. Hakka nøtter kan også brukast. Slik gjer du det:

Regnverskaker

3 dl havregrynsgraut

2 bananar

1 dl peanøttsmør

2 egg

4 ss honning

1,5 dl hakka, tørr frukt

4-5 dl kveitemjøl

½ ts salt

2 ts bakepulver

Sett omnen på 180 grader.

Skrell bananane, og kna dei mjuke med ein gaffel. Bland dei i havregrauten saman med peanøttsmøret, egga og honningen i ein bolle.

Bland mjøl, bakepulver, salt og tørka frukt i ein annan bolle. Vend det tørre inn i det våte litt og litt. Kor mykje mjøl som skal i vil avhenge av kor fast havregrauten din var. Min var ganske laus, og eg brukte sikkert 5 dl mjøl. Det kan hende du treng mindre, ha i litt og litt til røra er passe fast.

Legg bakepapir på ei steikeplate. Sett kakedeigen på bakepapiret med to skeier. Steik kakene midt i omnen på 180 grader i 12-15 minutt til dei er pent lysebrune. Server kakene med eit stort glas mjølk. Velbekomme!

Leave a Reply