Ikkje eit vondt ord om norske grønsaker, men utvalet, kvaliteten og prisane på alt grønt i Paris er fantastisk.
Sommarferien og eit boligbytte med ein fransk familie gjorde at vi hamna i 20. arrondissement, altså ein av dei austlege bydelane i Paris. I kvar ende av gata vi budde i er det stor grønsaksmarknad to dagar i veka. Der kan ein handle inn alt ein treng av frukt og grønsaker til resten av veka. Slikt inspirerer meg til å lage store salatar, som er perfekt å servere ein sval sommarkveld etter ein varm dag. Gryterettar og gratengar er ikkje tingen no.
Ei anna glede ved å vere i Paris er bakverket. Dei klassiske baguettane vert borne heim to gongar for dag, ein til lunch og ein til middag. Heldigvis har dei lært seg å lage Pain Complet, altså noko som minner om grovbrød, som vi kan få til frukost. Men til middagen høyrer det liksom med å servere ein deilig, lang baguett.
Barna og eg filosoferte over kor mange baguettar som vert bakt i Frankrike kvar dag, og kom til at det må vere ca. 60 millionar, altså cirka ein per person. Å bake sine eigne er nok heilt uaktuelt, dei i butikken kostar ein femmar, så det er bortkasta krefter.
For at salaten skal bli mettande likar eg å ha i litt kokte erter eller bønner. Dei vanlegaste å finne på marknaden her er haricot vert, altså vanlege lange grøne bønner, eller mange tout, altså sukkererter. I dag vart det haricot vert på oss, dei vart rensa og så fekk dei eit raskt oppkok i eitt par minutt i godt salta vatn.
Avocado er også fin å bruke i salatar, den er mettande, og inneheld mange nyttige mineralar, vitaminar og feittsyrer. Avocadoen får eit løft i møte med den syrlege vinaigretten som eg lagar for å servere til salaten. Det feite, grøne fruktkjøtet tek til seg syra i vineddiken, og det heile får ein frisk og sommarleg smak.
Eg serverer to ulike dressingar til salaten. Vinaigretten har eg allereie nemnt, den er ein fransk klassikar. Men ikkje alle likar eddiksmaken, så difor har eg også laga ein yoghurtbasert tzatziki. Då kan gjestane velge kva slags dressing dei vil ha på sommarsalaten sin.
På marknaden fann eg og flotte buntar med småløk. Dei er for store til å vere vårløk, men for små til å vere vanleg løk. Eg skjer dei i tynne skiver, og marinerer dei litt i eddik før eg har dei i salaten. På den måten vert den skarpe svovelsmaken borte, men løksmaken lever vidare på beste vis i salaten. Om sommaren når eg lagar mykje salat fyller eg berre på i skåla med løk og eddik, så kan eg ta ferdigmarinert løk til salatane mine når eg vil. Slik gjer eg det:
Eit stort salathovud, eller blanda salat
200 g cherrytomatar
200 g grøne bønner, lettkokte
100 g skinke i strimlar
Ein liten løk eller to stilkar vårløk
Raudvinseddik til marinering
Ein avocado
50 g pinjekjerner
Skjer løken i tynne skiver, og legg den i eddik i ei skål. Rist pinjekjernene i tørr steikepanne til dei er gyldne. Dryss litt salt på, kast dei rundt og ha dei på ein tallerken så dei kolnar. Rens bønnene, og kok dei i 2-3 minutt i godt salta vatn. La dei renne av, og kolne.
Skyll salaten, og tørk den. Legg den på eit passande fat. Del avocadoen i to, og fjern steinen. Skjer skiver med ein bordkniv (ikkje spiss) ned i avocadoen. Slik får du pene skiver. Skrap ut alt avocadokjøtet med ei skei, og fordel det utover salaten. Legg på bønner, løk, skinke og dei rista pinjekjernene. Har du ein potent ost kan du putte det på og, ein comte eller ein godt modna emmertaler passar godt.
Tzatziki skal helst lagast av tyrkisk eller gresk yoghurt, den er tjukkare enn den norske. Alternativet er å la den norske renne av litt i eit kaffifilter før du blandar ingrediensane. Slik lagar du tzatziki;
Tzatziki
3 dl naturell yoghurt
1 slangeagurk
Hakka mynte eller dill
Salt og peppar
Ei klype sukker
Hell yoghurten i eit stort kaffifilter, sett det oppi ei trakt eller liknande og la yoghurten renne av slik at den vert tjukk. Viss du får tak i tyrkisk eller gresk yoghurt slepp du denne prosessen.
Riv agurken på den grove sida av rivjernet. Legg agurken ut over ei skjerfjøl, og trykk eit dobbelt handklepapir mot det for å få ut væta. Still fjøla på skrå i oppvaskkummen slik at det våte renn av. Bland agurken oppi yoghurten, og smak til med salt, peppar og bittelitt sukker. Hakk urtene, og bland inn.
Vinaigrette
1 dl raudvinseddik
2 dl extra virgin olivenolje
1 ts sennep
2 ts hakka friske eller tørka urter, som persille, basilikum eller timian
1 ts honning
Salt og peppar
Ha alt unntatt salt i eit glas med lok, og rist godt til alt har blanda seg. Smak til om det trengst meir salt eller honning. La den kvile litt. Server i ei skål.
Desserten i dag er varm. Eg har blanda nektarinar, aprikosar og fiken i steikepanna med litt smør, og gitt dei ein god runde varme. Med litt kjærleik blir dette ein fantastisk dessert etter ein lett hovudrett. Slik gjer du det:
3 nektarinar
4 aprikosar
4 fiknar
1 dl eplejuice eller kvitvin
2-3 ss sukker
2 ss smør til steiking
Skjer fiknane, nektarinane og aprikosane i båtar. Smelt smøret i ei vid steikepanne. Legg frukta i steikepanna og la den surre litt. Kast den rundt slik at fruktbitane snur seg, og dryss på sukker. Idet sukkeret byrjar å karamellisere slår du på juice eller vin. La det koke inn litt. Server med ei kule vaniljeis til kvar, eventuelt ein klatt vispa krem.