All posts tagged: Skinke

Salat med skinke og grilla paprika

There is no rest for the wicked, og vi har meir grilla paprika å bruke opp. Det blir overraskande mykje ut av to kilo rensa og grilla paprika, det kan eg seie. Her er ein kjempegod salat, som passar perfekt til lunsj ein fin påskedag. Oppskrifta er til tre personar, omtrent. Har du ikkje fersk asparges, kan du bruke hermetisk, i så fall treng du ikkje å varmebehandle den. Om du manglar vårløk, kan du bytte den ut med gul løk, raudløk eller purre, som du finsnittar. Gul løk og raudløk passar best i salat når dei har fått seg eit lite bad i eddik først. Det kan du løyse på den måten at du snittar løken og lagar vinaigretten tidleg på dag, og så lar du løken ligge i vinaigretten til salaten skal leggast opp. Og som eg har sagt før: Når du først går i gang med å lage vinaigrette, så lag ein stor porsjon. Då har du det klart til neste salat. Bønnene kan du variere med det du måtte ha av …

Parisisk salat

Ikkje eit vondt ord om norske grønsaker, men utvalet, kvaliteten og prisane på alt grønt i Paris er fantastisk. Sommarferien og eit boligbytte med ein fransk familie gjorde at vi hamna i 20. arrondissement, altså ein av dei austlege bydelane i Paris. I kvar ende av gata vi budde i er det stor grønsaksmarknad to dagar i veka. Der kan ein handle inn alt ein treng av frukt og grønsaker til resten av veka. Slikt inspirerer meg til å lage store salatar, som er perfekt å servere ein sval sommarkveld etter ein varm dag. Gryterettar og gratengar er ikkje tingen no. Ei anna glede ved å vere i Paris er bakverket. Dei klassiske baguettane vert borne heim to gongar for dag, ein til lunch og ein til middag. Heldigvis har dei lært seg å lage Pain Complet, altså noko som minner om grovbrød, som vi kan få til frukost. Men til middagen høyrer det liksom med å servere ein deilig, lang baguett. Barna og eg filosoferte over kor mange baguettar som vert bakt i Frankrike …