There is no rest for the wicked, og vi har meir grilla paprika å bruke opp. Det blir overraskande mykje ut av to kilo rensa og grilla paprika, det kan eg seie. Her er ein kjempegod salat, som passar perfekt til lunsj ein fin påskedag. Oppskrifta er til tre personar, omtrent.
Har du ikkje fersk asparges, kan du bruke hermetisk, i så fall treng du ikkje å varmebehandle den. Om du manglar vårløk, kan du bytte den ut med gul løk, raudløk eller purre, som du finsnittar. Gul løk og raudløk passar best i salat når dei har fått seg eit lite bad i eddik først. Det kan du løyse på den måten at du snittar løken og lagar vinaigretten tidleg på dag, og så lar du løken ligge i vinaigretten til salaten skal leggast opp. Og som eg har sagt før: Når du først går i gang med å lage vinaigrette, så lag ein stor porsjon. Då har du det klart til neste salat.
Bønnene kan du variere med det du måtte ha av belgfrukter, linser er til dømes godt i denne salaten. Kjøtet kan t.d. vere kylling frå denne pastaretten, om du lagde litt ekstra. Du kan også lage den utan kjøt, då kan det vere godt å ha i osteterningar, til dømes steikte terningar av haloumi.
Salat med skinke og grilla paprika
Tre stilkar vårløk
4-5 asparges
Smør til steiking
Salt og peppar
150 g skinke i bitar
200 g kokte bønner, eg brukte svarte
4 paprikafiletar
100 g sukkererter
15 cm agurk
150 g tomatar
Det du har av salat, issalat, romanosalat eller liknande
Solsikkefrø eller graskarfrø
Klassisk vinaigrette
3 dl god olivenolje
1,5 dl kvitvinseddik
½ ts sennep
½ ts honning
salt og peppar
Bland saman alt til dressingen i eit smalt beger, og køyr dressingen saman med ein stavmiksar. Smak til om det trengst meir søtt, salt eller sterkt.
Varm opp 2 ts smør i ei steikepanne. Knekk av nederste delen av aspargesane. Kutt aspargesen i 2 cm lange bitar. Finsnitt vårløken. Ha asparges og vårløk i steikepanna, og la dei frese på middels varme i 2-3 minutt. Krydre med salt og peppar, og sett til side.
Kutt skinka i bitar, og ha i ein bolle. Bland saman bønner, finsnitta sukkererter, agurk i terningar og tomatar delt i bitar. Vend inn asparges og vårløk. Kutt paprikafiletane i strimlar, og ha dei i saman med ca. 1 dl vinaigrette. Vend alt saman med ein gaffel og ei skei.
Kutt opp salaten, og sprei den utover eit vidt fat. Legg på vinaigretteblandinga. Dryss gjerne på litt rista solsikkefrø eller graskarfrø om du har. Server salaten med godt brød til.