Coronamat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Italiensk mat, Kjøtt, Mat, Middag, Pasta
Comments 3

Krema pasta med paprika


Måtte du leve i interessante tider, skal visstnok vere eit kinesisk ordtak. Vi lever i sanning i interessante tider akkurat no, og ting som var fornuftig for to veker sidan er gått ut på dato.

For to veker sidan tenkte eg at vi kjem til å leve mest på tørrmat, alt det vi hadde hamstra. Det kan vi jo gjere, men er det smart? Eg har tenkt mykje på korleis eg brukar pengane mine for tida. Eg er blant dei heldige som kan ha heimekontor, som får mi faste lønn og som klarer meg godt. I det siste har eg bestilt blomar til folk eg syns fortener det, eg har sendt «kosepakkar» til barna mine og vennar som eg ikkje får møtt i påska, og eg har handla to kilo oransje paprika.

55C37353-6033-4A72-B6CF-0B864D7C813FMen kva i alle dagar, tenker du kanskje. Kva har coronatidene vi lever i med oransje paprika? Jau, her er greia: I vår lokale butikk hadde dei tydelegvis bomma, og teke inn for mykje oransje paprika. Den var dessutan litt dyrare enn dei andre paprikatypane. Det er ikkje utan grunn, den er søtare, kvar paprika var stor og flott, og såg heilt fantastisk ut. Men folk kjøpte den ikkje. Dermed byrja dei oransje paprikaene å bli litt slappe og rynkete, og plutseleg kosta dei 15 kr per kilo.

Det kan jo ikkje ein sunnmøring seie nei til, så difor har eg no to kilo. Det vi skal leve av no, folkens, iallfall vi som har normal inntekt, er faktisk ferskvarer. Grunnen til det er at vi vil unngå matsvinn, og vi vil sikre at butikkane har noko å leve av. Vi må forhindre at butikkane må kaste masse ferskvarer fordi vi handlar sjeldan, og når vi handlar kjøper vi berre pasta og dopapir. Dei som har det trangt økonomisk har det kanskje endå trangare no enn før. Butikkane blir utselde for enkelte varer. Når du går i butikken: Kan du la vere å velge dei billigaste produkta? Kan du la First Price, Coop Xtra og andre rimelege produkt ligge igjen til dei som verkeleg treng dei? Kanskje du bør kjøpe dei økologiske, slik at dei bøndene som leverer slikt faktisk overlever?

Kan du velge ein ost eller ein type kvalitetspølser frå ein småprodusent, noko frå spesialsortimentet, der det finst, og la den rimelege norvegiaen og grillpølsene ligge? Kanskje du skal grave litt nedi sortimentet i butikkane, framfor å velge frå topp tjue?

Og viss du er i ein fysisk butikk, og det er noko du uansett skal bruke i dag eller i morgon: Kanskje du kan hjelpe butikken med å unngå matsvinn ved å velge ei vare som er satt ned til halv pris pga datoen?Så viss du får spørsmålet om kva du har gjort for samfunnet i dag, kan du svare: Eg har kjøpt ei ferskvare som butikken elles ikkje hadde fått selt. Og så er det berre å vere kreativ, og finne på noko godt med den ferske råvara du har redda.

D64701E8-33FB-4157-A639-0EDEBED8C9A3Det var iallfall slik eg enda opp med desse oransje paprikaene. No har eg hatt dei under grillen i steikeomnen, og fått masse deilig bakt paprikafilet ut av det heile.

Bakt paprika som du har flådd skinnet av kan brukast på mange måtar. Du kan lage din eigen ajvar, det tyrkiske paprikapålegget, du kan lage suppe på det, det passar perfekt i salatar, og til pastarettar. I dag skal du få oppskrift på ein krema pastarett, der eg har brukt desse smakfulle oransje paprikaene.

Du kan grille og bake alle fargar paprika på same måte, metoden er den same.

 

Grilla paprika

Sett steikeomnen på 230 grader.

049B2F62-D971-4232-91CE-6E10CC2BF36DDel paprikaen du vil grille i to. Fjern stilk og frø. Legg kvar halvdel på bakepapiret med snittflata ned. Bak paprikaen i 30-35 minutt, til den har blitt brun. Ta brettet ut av omnen, og dekk det med aluminiumsfolie. Legg gjerne ein kopphandduk oppå og.

Målet er å få fukta inne i paprikaen til å kondensere, slik at skalet lett løsnar frå fruktkjøtet.

Når paprikaene har kolna, kan du fjerne skalet av paprikaene, og kaste det. Legg filetane på eit fat, og gi dei eit lett dryss med salt.

Krema pasta med kylling og paprika

300 g kyllingkjøt, filet eller lårfilet

Smør til steiking

250 g fersk pasta

1 eske kremost

3-4 ss fløte eller mjølk

3-4 ss kokevatn frå pastaen

Safta av ein halv blodappelsin (om du finn)

4 filetar av paprika

Salt og peppar

Det du måtte ha av urter

Kutt kyllingkjøtet i bitar, og steik bitane gyllenbrune i smør. Krydre med salt og peppar. Sett til side.

Kok opp rikeleg med vatn til pastaen. Ha i salt, og kok pastaen mør. Brukar du fersk pasta tek det berre 3 minutt. Snitt paprikafiletane i strimlar. Sett til side.

Ta vare på litt av kokevatnet før du heller vatnet av pastaen. La pastaen renne av i eit såld. Ha kokevatnet, kremost og fløte i gryta, og rør godt. Smak til med safta av ein halv blodappelsin om du har. Du kan også bruke ein vanleg appelsin. Rør pastaen i sausen i gryta, og smak til med salt og peppar. Dryss på kyllingbitane og paprikafiletane. Har du noko urter eller anna kryddergrønt i hus, så finhakk det, og dryss på. Server pastaen med godt brød til.

424CE132-A193-419D-8B38-79E6C87B2AA7

3 Comments

  1. Tilbakeping: Salat med skinke og grilla paprika | Alt godt

  2. Britt Åse says

    Delish! Jeg fant rynkete paprika i rødt og gult hos den nye innvandrer’n på Stoa (syntes jeg var heldig med 29 kr/kg), og lagde mos av den etter baking og flåing. Neste gang skal jeg lage sånne filetstriper, – men tror du det går greit å fryse dem, eller bør de legges på olje?

    Likar

    • Frysing trur eg går heilt fint. Dei held også nokre dagar i kjøleskap. Eg brukte ei snau veke på å bruke opp mine, og dei overlevde fint salta i ein pose i kjøleskapet.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s