Allergi, Billig mat, Jul, Kaker, Mat, Noko søtt, Vegansk, Veggis
Comments 3

Julekaker dei fleste kan spise


Dei som er allergiske kan slite no i jula med å finne gode kaker som ikkje utløyser allergiske reaksjonar.

Eg lagar havrecookies til mi venninne som verken toler gluten eller mjølk, dei er faktisk også eggefrie. Enkle og raske å lage er dei og. I denne oppskrifta brukar eg Euroshopper flytende margarin, som er mjølkefri. Dersom du brukar melange mjølkefri margarin må du ha i ei klype salt, for den er saltfri, og smaken vert gørrkjedeleg utan salt.

Du kan variere smaken til dømes ved å ha i pinjekjerner eller grovt hakka 70% mjølkefri sjokolade. Du kan også bruke ulike typer krydder, eg har laga ein variant med ingefær og kardemomme i tillegg til kanel, dei vart veldig gode. Slik gjer du det:

Havrecookies

2 dl mjølkefri margarin

2 dl demerarasjukker

2 dl vanleg sukker

7 dl glutenfrie havregryn

1 dl havremjøl

2 små ts bakepulver

2 små ts natron

2 ts vaniljesukker

0,8 dl kokande vatn

1 ts kanel

2 dl rosiner

Set omnen på 180 grader. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle, og rør godt. Dette blir ein grynete masse, eg klemmer saman ca. 2 ss masse til ein klump. Legg klumpane på bakepapir. Desse kakene flyt ut, så det går som regel tolv på eit brett. Steik dei til dei er pent brune, ca. 15 minutt. La dei kolne minst 10 minutt på bakepapiret før du eventuelt delar dei frå kvarandre der dei har smelta saman.

 

3 Comments

  1. Flott å kunne ha alternativ for de som ikke kan spise hvasomhelst, og best når alternativene faktisk er gode.. 😀 slike havregreier er jo supre rett og slett.

    Men du, er ikke kromkaker uten egg egentlig strull?

    Likar

  2. Jau, det er kanskje det, eg såg det faktisk inne hos Solveig Trovåg etter at eg hadde posta oppskrifta. Men strull vert ofte lagd med rømme. Godt er det uansett! 🙂

    Likar

  3. Takk for oppskrifter. Eg har ein elev for første gong som har glutenallergi, men det kjem snart fleire. Årets elev og eg lærer av kvarandre og prøver ut. Dette med allergiar er ikkje nødvendigvis så vanskeleg, men ein må tenke litt i andre baner. Det er så lett å tabbe seg. T.d. er lettbearnesaus utan gluten, men den vanlege med, seier ho.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s