Ferie, Reise
Comments 5

Tilboda rausar inn!


Romjula er tid for avslapping, ettertanke og frøbestilling blant dei hagegale. Men det er også beste tida for å sende og å motta boligbyttetilbod.

Berre dei siste dagane har vi motteke tre tilbod frå Italia og eit frå Sveits. Det hus og husvære i vakre byar, pittoreske og sjarmerande. Det er tydeleg at det gode flytilbodet frå Nord-Italia, både Bergamo og Treviso, er med på å gjere Norge attraktivt for italienske boligbyttepartnerar.

Håkken skal ein godblunke til, er spørsmålet vi må stille oss sjølve. Førebels har vi ikkje teke fast på noko, men det er ikkje lenge til vi må bestemme oss, iallfall seie nei til dei vi ikkje vil bytte med, slik at dei kan gå vidare i samtalar med andre.

Vi byttar gjennom Homelink, som du kan besøke på www.boligbytte.no. Sjølv om du ikkje er medlem kan du gå inn og kikke for å sjå kva aktuelle bytteobjekt som finst der du vil reise. For den reiseglade er det reine godtebutikken å virre rundt på favorittdestinasjonane og sjå kva som byr seg.

Erfaringane våre har eg skrive meir om her. Vi har berre hatt gode opplevingar med boligbytte, etter å ha hatt 14 bytte på seks år. Viss det er noko du lurer på kan du spørje i kommentarfeltet, så kan eg prøve å svare. Du finn også mykje nyttig info på boligbytte-sidene til Homelink.

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Dette verkar jo heilt suverent! Nå leiger vi leilighet, og kan nok ikkje drive på med slik husbytte, men vi står på trappene til å bygge nytt hus, så til neste år kanskje? Mannen min har konstant reisefeber, og har vore plaga med tanken på å bygge eit hus der vi liksom skal bu resten av livet. Angst! 😀 Og så er det jo så masse stader i verda som vi har lyst til å sjå! Dette verkar jo å vere heilt midt i blinken for oss, takk skal du ha! 🙂

    Likar

  2. Line Cathrin says

    Dette ser så spennede ut. Kikket litt innpå der nå. Så det sto ønsker pass av kjæledyr- Er det virkelig slik at noen ønsker seg det?
    Det blir jo både billig og mere personlig reise dette. Hvor vanskelig er det for førstegangs byttere å få til dette?

    Likar

  3. Ja, viss ein har kjæledyr er dette ein grei måte å få pass for dei på, i tillegg til å få ein fin ferie. Vi var i Evje i påska for tre år sidan, då passa vi ein hund, to kattar (ein av dei såg vi aldri) og to kaniner. I Skottland for fire år sidan passa vi også to kattar.

    Førstegangsbyttarar bør bytte med nokon som er erfarne, bortsett frå det så går det heilt fint. Du kan jo lese litt i lenka eg har i teksten, der står det litt om korleis ein klargjer huset og kva som vert forventa av byttepartneren når dei kjem. Det er heller ingenting i vegen for å bytte bort eit objekt ein leiger, så lenge det er ok for huseigaren.

    Likar

  4. Hei
    Hvordan kan man søke ang pass av dyr. Hadde vært fordel at man kan passe dyrene for hverandre.
    Vi har 3 katter og det blir vanskelig å ta dem med oss langt bort.

    Likar

  5. Når du melder deg inn så kan du registrere at du har dyr, og ynskjer dyrepass. Når du søker etter byttepartnerar kan du begrense søket ditt til å gjelde berre folk som godtek/vil passe dyr. Du kan også presisere det i friteksten.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s