Om å vintersykle
Det er mange måtar ein kan vekke merksemd på. Ein av måtane eg gjer det på er ved at eg syklar om vinteren. Sykling er ein strålande flott måte å kome seg rundt på. Du får trent, det er nesten gratis, du slepp å vente på bil, buss eller tog og det går fort. Dei siste åra har det blitt merkbart fleire vintersyklistar. Eg er inne i min fjerde sesong med piggdekk og fleece i lag på lag. Mange syns det er snodig at ein vil sykle på vinteren, men det er som alle andre ting ein gjer som andre syns virkar farleg; når du er midt oppe i det sjølv følest det som om du har kontroll, og stort sett så har du det. Sjølvsagt er det nokre utfordringar med vintersykling. Ein ting er sjølve temperaturen. Både i fjor og i år har det vore tøffe vintrar, med lange periodar rundt -20. Då gjeld det å kle seg godt. Eg brukar ullstillongs, ullsokkar og viss nødvendig overtrekksbukser. Overtrekksbuksene kjem på viss termometeret passerer -20. Så …