Vi har alt vi treng. Oppdagar vi at vi treng noko, går vi og kjøper det.
Det gjer det til ei håplaus oppgåve å kjøpe gåver. Det er grenser for kor mange lysestakar, krydderblandarar og aspargeskjelar vi treng. Raudekrossen var først ute med tilbod om å kjøpe ei geit som vart donert til ei familie i Afrika. No har fleire gitt seg ut i same marknaden.
Eg syns det er fint. Kvar gong eg opnar eit julekort og ser at avsendaren har gitt ei gåve til eit godt formål i staden for ei julestjerne til meg kjenner eg det som om verda tek eit steg i rett retning.
I dag vil eg reklamere for eit godt formål som ikkje er som kjent, men som ikkje er mindre viktig for det. Prosjekt Haiti er ei gruppe idealistar som har arbeidd for å skape eit betre liv for barn og vaksne i slummen i Haiti i over ti år.
Etter jordskjelvet i januar mobiliserte dei enormt, og sendte kontainarar med utstyr og naudhjelp over til Haiti. Men arbeidet der borte er eit kontinuerleg arbeid, det går ikkje i rykk og napp. Project Troll, som skulen og nærsenteret dei har bygd heiter, er det faste haldepunktet for mange familiar i nabolaget rundt skulen.
Prosjekt Haiti har no opna for kjøp av gåvekort som du kan gje i gåve til jul. Gåvekorta har ulik verdi, og du kan sjølv velge kor mykje du vil gi. Leiter du etter eit prosjekt der det er kort veg frå gjevar til mottakar og minimalt med administrasjonskostnader, er Prosjekt Haiti midt i blinken. Du finn meir informasjon her.