Det har eg lært barna mine. Når vi er på IKEA må vi alltid gå i billigkroken. Du kan ikkje vere sikker, det kan hende sofaen eller madrassen du har på vogna di står i billigkroken med oppriven emballasje, men like fin til halv pris.
Slik er det også med bøker. I år har Aschehoug laga sin eigen billigkrok, med eit vell av aktuelle julegåveidéar til store og små.
Eg syns dette er sympatisk. Dei store forlaga har hatt bakgårdssal og andre liknande festdagar for oss som har for få bøker og som har ambisjonar om å trakke endå meir inn i bokhyllene. På denne måten får også dei som bur lenger unna få ta del i moroa.
(Eg er ikkje sponsa, og har ikkje kontrakt med Aschehoug, eg syns berre salg FØR jul er genialt, innkjøpar som eg er.) God julebokshopping!
Mange flotte bøker der, ja! Og så flott med hardbackbøker til ein god pris frå ein norsk nettbutikk (det er nok for seint å bestille frå utlandet no uansett).
Og ja, billigkroken på IKEA er eit must. Særskild om du er der ganske tidleg på dagen. Laurdag kl. 4 er alle godsakene vekke uansett.
Det var billigkroken sin, tenker jeg! Der ble det bøker til smådamene mine. Takk for tips!