Billig mat, Fest, Kaker, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Leave a Comment

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Og dessutan er det vaffeldagen i dag, så då er det ikkje noko å lure på. Slik gjer du det:

img_4522Vafler

3 egg

0,75 dl sukker

1/2 liter mjølk

100 g smør

375 g mjøl (litt meir enn ein halv liter)

1/2 ts salt

1 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

1/2 ts kardemomme om du vil

Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl, bakepulver, vaniljesukker, kardemomme og salt i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Viss du vil kan du bytte ut litt av mjølet med sammalt mjøl, byggmjøl eller havremjøl. Då blir vaflene litt sunnare, fordi dei mjøltypane er grovare, og inneheld meir mineralar og vitaminar.

Vil du lage den mjølkefri, så bruk mjølkefritt/vegansk smør, og havremjølk. Juster evnt litt på mjølmengda, den kan bli litt tynnare med havremjølk enn med vanleg mjølk.

Denne oppskrifta gir ca. 12 vafler med mitt jern.

img_4520Etter at røra er rørt glatt, fyller eg den på ei tom og rein brusflaske med trakt. Då er det lett å dosere oppi jernet utan søl. Sett flaska på ein asjett mellom steikingane. Til masseproduksjon (som f.eks. på loppemarknad) er formfeitt på sprayflaske det mest effektive. Eg har ikkje det heime, så eg smører jernet med litt smør viss det trengst.

Server vaflene med syltetøy, eller sukker og rømme viss du har.

Leave a Reply