Allergi, Billig mat, Kjøtt, Mat, Supper, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Coronamat – bruk-opp-alt-suppe

Denne suppa er ein klassikar hos oss, og det handlar heilt enkelt om å rydde opp i grønsaksskuffa. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg blir alltid overraska når eg tek ut skuffa, og ser kva som faktisk er der. Denne gongen fann eg til dømes ein neve sukkererter i ein pose som låg aller nederst, og eg vart overraska over kor friske og fine dei var. Det er sikkert to veker sidan eg kjøpte dei, men dei var sprø og faste i fisken. Då fekk dei vere med i suppa.

Gulrøtter er alltid med, og det skal ikkje så mykje til. Dette vart suppe til tre, og det holdt med ei stor gulrot. Eg fann ei persillerot og, det er ein av mine rotfruktfavorittar. Den kan byttast ut med pastinakk eller med rotselleri om du har det. Stilksellerien kjem i tillegg, den smakar heilt annleis enn rota. img_8691

Eg hadde ein pose grønkål og. Det er ei fantastisk grønsak, og ei av dei som kan haustast av heile året. Den er toårig, og held seg fint gjennom vinteren. No på våren er den heilt eksplosiv i veksten, så viss du klarer å vare den for rådyr og andre som måtte like den så har du ei heilårsgrønsak i eigen hage. Den må såast i varm jord, så det er for tidleg å tenke på å få den i jorda no. Har du svartkål, kan du også bruke det.

Av løkgrønsaker tok eg med eit stykke av ein tjukk, fin purre. Dei er også på sitt beste no, og ein purre blir fleire supper og gryter viss ein ikkje er mange til bords. Du kan like gjerne bruke sjalottløk, gul løk eller raud løk.

Her har eg laga suppa med tomatbase, men den kan også lagast grøn, til dømes viss du har frosne erter og litt pesto på lager. Då kan du frese løk, kvitløk og persillerot, slå på væske, og så har du i ertene. Når det har kokt opp køyrer du det glatt, før du har i resten av grønsakene og kokar det mørt. Suppa kan også lagast på fløte, om du har fløte eller creme fraiche som må brukast opp.

Når det gjeld proteinar, så brukte eg her restane frå då vi hadde syrisk taco i helga. Det var ca. 100 g kjøtdeig som var steikt med masse krydder. Det heiv eg oppi suppa, og det passa heilt fint. Her kan du bruke det du måtte ha av kjøt, restar av ei svinesteik, ein biff som har blitt teke vare på i fine strimlar eller ein skinkeskalk. Suppa er flott og mettande utan kjøt og, men du kan t.d. tilsette litt linser eller bønner om du har. Då er denne suppa også vegansk/vegetarisk.

Merk deg ein ting: skal du servere denne til mjølkeallergikarar, så ikkje bruk den brune jamninga frå Maizena. Den inneheld nemleg laktose. Du kan i staden jamne suppa med 2 ss vanleg maisennamjøl, rørt ut i litt vatn.

Bruk-opp-alt-suppe

50 g løk av det du har

250 g gulrot

100 g «kvit rot», persille, selleri eller pastinakk

1 stilk selleri

1 ts timian

1 dl kvitvin eller eplejuice

8-10 dl vatn

2 dl passata eller knuste tomatar

2 buljongterningar

100 g bladkål, t.d. grønkål

50 g sukkererter

2 ss brun maisenajevner

2 ss smør til steiking

Sukker, salt og peppar

100 g kjøt om du har

Rens og kutt opp alle grønsakene. Fjern midtstilken på grønkålen, og kutt den i tynne strimlar. Finsnitt sukkerertene.

Smelt smøret i ei vid gryte. Ha løk og rotgrønsaker i gryta, og dryss på timian og litt peppar. Fres grønsakene i 3-4 minutt på ganske høg varme. Slå på vin, og rør opp viss noko brunt har festa seg i botnen på gryta. Ha i vatnet, passata og buljongterningane. La det heile koke til rotgrønsakene er møre, ca. 10 minutt. Ha i grønkålen og jamning viss du vil, og la det heile koke to-tre minutt til. Dryss i sukkerertene til slutt, og tilsett evnt det du måtte ha av kjøt. Smak til med sukker, salt og peppar. Server suppa med godt brød eller heimelaga knekkebrød til.

1106C77B-662F-46CF-965B-DE8C235FFD15

Leave a Reply