Ei morosam småkake som ikkje er så vanleg er napoleonshattar. Napoleon var jo kjend for å gå med trekanta hattar, og desse kakene er trekanta. Dei kan fyllast på ulikt vis, eg har sett dei med marsipanfyll, med nougatfyll og med ulike typar pynt og strøssel. Desse kakene trur eg og har svensk opphav, men eg har sett dei i finare konditori i Norge og.
Mine er med pistasjmasse, men får du ikkje tak i pistasjnøtter kan du rive marsipan og blande i marengsen. Dei bør ikkje bakast for tjukke i deigen, og dei er også best relativt ferske. Så når du planlegg julebaksten får du det beste resultatet ved å bake desse til slutt.
Napoleonshattar
Pistasjmasse
100 g pistasjnøtter, skrelte og finhakka
100 g melis
1 stor eggekvite
Køyr pistasjnøttene i ei matmølle til dei er ei jamn blanding. Ha i ei skål, og sett til side.
Pisk eggekvita stiv, tilsett melisen litt og litt, og vend pistasjmjølet inn til slutt.
Mørdeig
300 g kveitemjøl
100 g melis
150 g smør, kaldt i terningar
1 stort egg
Evnt sjokolade til å dyppe i
Ha mjøl og melis i ein bolle, og smuldre i smøret. Det skal bli ein grynete masse. Knekk egget, og rør det inn slik at deigen samlar seg og blir fast. Du kan gjere dette i ei matmølle. Pakk deigen inn, og la den kvile ein times tid i kjøleskap.
Sett steikeomnen på 200 grader.
Del deigen i 3-4 emne. Kjevle deigen i leivar, og stikk ut ringar med eit norgesglaslok eller liknande. Legg ei teskei pistasjmasse på kvar runding, brett rundingen slik at kaka vert trekanta, og knip deigen saman i sidene.
Steik hattane på 200 grader i 8-10 minutt. La dei kolne på rist. Viss du vil kan du smelte litt mørk sjokolade, og legge hattane med undersida med ein gaffel ned i sjokoladen. La dei stivne på bakepapir på ein kjøleg plass.
Dette ligner veldig på hamentashen, altså vil jeg tro opphavet er jødisk/østeuropeisk heller enn svensk! Men gode er de 🙂
Er det ikke rart at Napoleon er kjent for å gå med trekantede hatter, når de visselig ikke var trekantede? Napoleon hadde såkalt “tokantet” hatt – bicorne, ikke tricorne, som kaken.
Det visste eg ikkje! Takk for info. 🙂