Karamellkakene, eller fudgekakene som eg har kalla dei, er ein type «cookies» med bitar av engelsk fudge i. Gå i godterihylla og sjå kva du finn, det er slike firkanta kuber med fast karamell som likevel lar seg skjere med kniv som vi er på leit etter. Dei er med på å gjere karamellkakene heilt uimotståelege. Finn du dei i England vert desse kakene kalla Butterscotch cookies.
Eit tips er å ikkje lage dei for store. Eg laga mine så store at ei kake meir eller mindre kan erstatte ein middag, og det vil eg ikkje tilrå. Både sjokoladekjeks og karamellkaker kan du servere heilt ferske, viss du frys ned deigen i kuler, og tinar dei rett før gjestane kjem.
Fudgekaker/karamellkaker
170 g smelta smør
220 g brunsukker
100 g vanleg sukker
2 ts vaniljesukker
½ ts salt
2 små egg
250 g kveitemjøl
½ ts natron
200 g karamellfudge (frå godtedisken)
Sett steikeomnen på 165 grader.
Ha det smelta smøret i ein bolle. Rør sukker, vaniljesukker og salt inn i det smelta, avkjølte smøret. Knekk egga i ein kopp, og pisk dei inn i smørblandinga.
Kutt fudgeterningane i små bitar. Bland saman mjøl og natron i ei skål, og ha i fudgeterningane. Vend dette inn i smørblandinga, og rør akkurat nok til at du har ein deig fri for mjølklumpar. Pakk deigen i plastfolie, og la den kvile ein halvtime. Du kan også fryse deigen på dette stadiet, eller etter at du har forma den til klumpar.
Sett valnøttstore klumpar med deig på bakebrett som du har lagt bakepapir på, ca. 12 på eit brett. Steik kakene på 165 grader i underkant av ti minutt. La dei kolne på brettet ei lita stund før du legg dei over på rist. Dei skal vere litt seige i midten, så ikkje steik dei for lenge.