Det er noko eige med det å ta fram eit fat med gode, heimelaga småkaker til julekaffen.
Ein føler seg rik, alt er på plass, freden kan senke seg og alt er som det har vore. I år planlegg eg å gi bort småkaker til nokre som eg veit ikkje har ork eller pågangsmot til å lage sine eigne.
Eg fyller i passe store posar med tre-fire ulike slag som eg veit vil spreie glede og lys i julemørkret. Det er mange som har få rundt seg frå før, og som no har endå færre. Å kunne gjere jula litt lysare skaper varme kjensler både hos givaren og mottakaren.
Eg har laga nokre kakesortar som er nye for oss i år. Nokre av dei, som sjokoladekjeksa er eigentleg heilårskaker, men det er mange som elskar alt med sjokolade, og då er desse perfekte på kakebordet. Dei er superenkle å lage, dette er ei oppskrift som du veldig gjerne kan gi til barna, og be dei lage.
Dei komande dagane kjem eg til å legge ut fleire variantar av småkaker, som kanskje kan freiste deg til å bake til jul. Ha ei koseleg førjulstid!
Sjokoladekjeks
200 g kvitt sukker
220 g demerarasukker eller anna brunt sukker
2 ts vaniljesukker
225 g smør, romtemperert
½ ts salt (kan sløyfast)
2 store egg
350 g kveitemjøl
1 ss kakao
1 ts natron
½ ts bakepulver
350 g hakka sjokolade, gjerne blanda kvit og mørk
Sett steikeomnen på 190 grader.
Ha begge typane sukker og vaniljesukkeret i ein bolle, og legg smøret i klattar med ei skei. Pisk det heile lyst og luftig med ein handmiksar. Knekk egga eit og eit, og pisk dei inn i smørblandinga.
Bland alt det turre unntatt sjokoladen i ein bolle. Rør godt slik at alle klumpar er borte før du har i sjokoladen. Rør det heile inn i smørblandinga til du har ein jamn og ganske fast deig. La deigen kvile i kjøleskapet ein halvtimes tid.
Rull deigen til valnøttstore kuler, og sett dei på bakepapir på eit bakebrett. Eg satte 12 på eit brett, då møttest dei ikkje då dei vart steikte. Bak dei i ti minutt på 190 grader. Det kan virke lite, men dei er best viss dei ikkje er heilt tørrsteikte.
Viss du vil servere heilt ferske kaker, kan du fryse kulene, og ta dei opp ein times tid før servering, legg dei på brett og så steiker du dei på 190 grader i ti minutt. Desse kakene blir også fine om du brukar glutenfritt mjøl.