All posts filed under: Formkaker

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp. Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja …

Det enklaste – ei deilig banankake

Av og til er det enklaste det beste, og når eg vil ha noko godt etter middag er det enklaste banankake! Banankake er ei vinn-vinnkake, den smakar fantastisk, og ikkje minst får du brukt opp dei brune bananane som har ein tendens til å hope seg opp i fruktskåla. Dette er ei klassisk formkake, som byrjar med eggedosis, og held fram med mjøl, væske og smelta smør. Denne gongen fekk eg besøk av ein mjølkeallergikar, så eg brukte mjølkefri margarin og eplejuice i staden for mjølk, som ein ofte brukar i formkaker. Det ga ein frisk smak som alle likte. Eg syns også at det vesle syrlege frå eplejuicen framheva banansmaken. Vi var i sør-Spania i haust, og i den vesle landsbyen Comares vart vi praia av ei gamal dame som viste seg å selge frukt og andre delikatesser frå stova si heime. Ho drog oss inn i gangen, og der hadde ho fylt opp med mango, rosiner, fiken, mandlar, granateple og alt som godt er. Der vart vi rivne med, og kjøpte med oss …

Deilig rabarbrakake

Äntligen, ropar svenskane, endeleg, ropar eg. No sprutar rabarbraen opp, og det er berre å spise med begge hendene. Lag syltetøy, pai, kompott, chutney og saft, du kjem til å angre til hausten når du har lyst på, men ikkje har. Orkar du ikkje, så plukk den likevel, kutt den i bitar og legg den i frysaren. Då kan du lage det du har lyst på seinare. Eg har ikkje så mykje, så eg tenkte eg skulle elge meg innpå naboen. Dei har ei svær tue som det ser ut som dei ikkje et så mykje av. Eg tenkte å gjenta suksessen eg har hatt før, be om å få plukke, i bytte mot eit par glas av noko av det eg lagar. Ingen kan vel seie nei til det? Det aller beste syns eg likevel er ei klassisk rabarbrakake. Denne er ein formkakevariant, som eg har bakt i randform, som eg så ofte gjer. Eg syns dei er lette å skjere av, og å presentere på fat. Du kan godt lage den i vanleg …

Sommarlengt

Å, eg lengtar så etter sommaren! I hagen min står rabarbraen som blodraude knoppar, og alt eg vil er at den skal sprute opp, slik at eg kan lage mat med den. Eg lengtar etter frukt og bær, bringebær i hagen og blåbær i skogen, og håper at det ikkje er så lenge til dei er her. Men i mellomtida må vi finne på noko anna, og sjølv om butikkbæra ikkje er like fantastiske som dei vi plukkar til sommaren, så er dei iallfall ei påminning om at det vert berre varmare og lysare no, dag for dag. Difor gjekk eg i gang, og fann fram eit beger med blåbær som eg putta i ei deilig kake.  Har du frosne blåbær, så ha dei rett i røra frå frysaren, etter at du har skilt de ifrå kvarandre. Dette er ei klassisk formkake, og den kan lagast på to måtar. Du kan enten byrje med å piske smør og sukker lyst og luftig, og så piske inn egga eit og eit, eller du kan byrje med …

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir. Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det: Mangokake 250 g mjøl 2 ts bakepulver 150 g smør 200 g sukker 2 egg 2 mangoar (ca. 150 g mangopuré) 1 ts kardemomme Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss) Glasur: 1 ss sitronsaft 300 g melis Vatn til passe tjukk glasur Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt. Pisk …